Avdelingsleiar psykisk helse og rus - 100% fast
Tenester til personar med særlege behov, Vinje kommune
Vinjevegen, 3890 Vinje
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar psykisk helse og rus - 100% fast
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 19. januar
Er du vår nye avdelingsleiar?
Me søkjer deg som ynskjer å vera ein positiv pådrivar i utvikling av tenesta, og som brenn for å jobbe med menneske med utfordringar innan psykisk helse og rus. Tenester for psykisk helse og rus er organisert i verksemd for tenester til personar med særskilde behov. Avdelinga har 12,5 årsverk, med ulik fagbakgrunn og høg kompetanse. Avdelinga har ansvar for tenester retta mot personar med psykisk helse og/eller rusutfordringar.
Tenesta består av:
- Oppfylging av barn og unge i tett samarbeid med skulehelsetenesta
- Oppfylging av vaksne individuelt og/eller i gruppebaserte tiltak
- Drift av dagsentertilbod
- Miljøterapeutisk arbeid i bufellesskapet Brulim med 8 bustader for personer med alvorlig psykiske utfordringar, samt 2 bustader for personer med særskilde bu-utfordringar
Arbeidsoppgåver
- Leie, utvikle og fylgje opp dine tilsette
- Ansvar for fag, herunder arbeid med kvalitet og tenesteutvikling
- Leggje til rette for eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartar
- Delta i brukarretta oppfylging
- Leiar for kommunen sitt psykososiale kriseteam
- Administrative oppgåver
- Økonomi og budsjettansvar
Som avdelingsleiar vil du vera ein del av verksemdsleiar sitt leiarteam, saman med avdelingsleierane frå same verksemdsområde.
Kvalifikasjonar
Du som søkjer stillinga må ha:
Det er vidare ynskjeleg at du har:
- Erfaring frå arbeid innan psykisk helsearbeid og rus
- Relevant leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Vidareutdanning innan psykiatri og rus
Personlege eigenskapar
- Du er glad i menneske, er trygg, tydeleg og inkluderande
- Du er god på å byggje relasjonar til menneska rundt deg
- Du er fagleg engasjert og løysingsorientert
- Du har ei strukturert, målretta og systematisk arbeidsform
- Du har evne til å lytte og søkje gode løysingar, i samarbeid med andre
- Du er god til å kommunisere, både skriftleg og munntleg
Me vektlegg personleg eignahet.
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Kompetanseutvikling innan leiing
- Eit positivt arbeidsmiljø, med god takhøgde og mykje humor
- Engasjerte kollegaer og tilsette, med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
- Løn etter avtale
- God forsikrings- og pensjonsordning
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Carsten Hald, Verksemdsleiar, 90937093, carsten.hald@vinje.kommune.noArbeidsstad
Vinjevegen3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 4896423427
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 19.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Me som arbeider i verksemd for tenester for personar med særlege behov er opptatt av inkludering og meistring, og i arbeidet har me fokus på «kva er viktig for deg?».
Tenester for personar med særlege behov er delt inn i tre avdelingar: psykisk helse og rus, tenester for funksjonshemma, og integreringstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817845
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ef196a6f949f477e903604e08cfda4f3