Rådgivar IKT
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4294016339 Presentasjon av stillingen:
Sveio kommune er på jakt etter ein dyktig medarbeidar som kan vera med på å utvikla og forma vår arkitektur og løysning for å skape betre tenestar til våre innbyggjarar. Du vil i denne stillinga vera ein viktig pådrivar og ha ansvar for drift og oppsett av servere, nettverk, klientar og fagsystem.
Arbeidsoppgåver
- Installera, oppgradera og vedlikehalde servere og programvare
- IKT-teknisk ansvar for fleire fagsystemer
- IKT-teknisk kontaktperson i prosjekter i kommunen
- Vera med å planlegga og driftsetta infrastruktur serverrom / nettverk
- Jobba med sikkerhet innan IKT
- Noko brukarstøtte ved behov
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå universitet eller høgskule
- Manglande formell utdanning kan i særlege tilfelle kompenserast med relevant erfaring
- Erfaring frå IKT-drift, nettverk og sikkerhet
- Kompetanse på fleire av område; serverrom, virtualisering, nettverk, sikkerhetskopiering, terminalservere, windows server og klient
- Førerkort kl. B og helst kunna stilla bil til disposisjon for kjøring i tenesta
Personlege eigenskapar
- Kreativ og selvstendig, som evnar å sjå alternative løysningar tilpassa organisasjonen
- Ein som brenn for faget og held seg oppdatert på ny teknologi
- Er positiv og open i møte med andre, både kollegaer og eksterne aktørar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar og spannande oppgåver
- Triveleg og tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse
- Konkurransedyktige vilkår
- Ordning med fleksibel arbeidstid
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Godtgjørelse etter gjeldande satsar ved bruk av privat bil i tenesten
Kontaktinformasjon
Øistein Myge, Einingsleiar IKT, 53 74 80 43, oistein.myge@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4294016339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2020
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.