Trafikklærar
Er du er ein ansvarleg og engasjert trafikklærar som likar å samarbeide med andre? Er du opptatt av å skape eit godt og trygt læringsmiljø i klasserom og praktisk undervisning? Er du sjølvstendig, løysingsorientert og utviklingsorientert, både på eiga hand og i samarbeid med andre?
Om du svarar ja på desse spørsmåla har vi plass til deg i staben vår. Vi søker no etter trafikklærar for klasse TGK, A1, A2 og A, B og BE, med hovudfokus på undervisning i klassene A og B. Du vil få ansvar for å både planlegge og gjennomføre kurs- og undervisningsopplegg som inngår i skulen sitt opplæringstilbod. Du vil i utgangspunktet ha Ålesund som arbeidsområde.
Vi tilbyr ein spanande, utviklande og variert jobb i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fagleg utvikling. Du får vere ein del av ei faggruppe med lang og variert erfaring innan trafikkopplæring. Trafikkskulen er også representert i regionale og nasjonale faggrupper for MC, og har eit godt nettverk for erfaringsutveksling og kompetansebygging.
Du må ha trafikklærarutdanning frå Statens Trafikklærerskole/HINT.
Vi tilbyr gode vilkår, aktuelle kurs for eigenutvikling, OTP og gode lønnsvilkår.
Søknad med CV kan sendast per e-post til dagleg leiar Kjell Erik Rotevatn, kjell.erik.rotevatn@gmail.com
Om bedriften
Skårbrevik aut. Trafikkskule AS er ein del av Rotevatn Trafikkskule AS, og tilbyr undervisning i kl. B, BE/B96, A/A2/A1 og TGK. Skulen er den eldste trafikkskulen på Sunnmøre, og har undervisningslokale på Moa, Ålesund.