Vil du vera med og skapa den grøne framtida?
Høgskulen For Grøn Utvikling - Stiftelse
4340 Bryne, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Førsteamanuensis i humanistiske og samfunnsvitenskapelige fag
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Skandinavisk eller norsk
Antall stillinger
1
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) er ein liten organisasjon som er bygd på den gode bygdetradisjonen med mangesysleri. Den som blir tilsett, vil såleis få ansvar for mange ulike arbeidsoppgåver. Å kunna (og lika å) arbeida sjølvstendig er ein føresetnad for å arbeida hos oss. Kvar faglege tilsett har elles ansvar for å skapa nye inntektsgjevande prosjekt, og det vil over tid bli forventa at ein er meir eller mindre økonomisk sjølvgåande.
Tematisk skal høgskulen vera leiande på nyskapande lokalsamfunnsutvikling i tett samspel med dei skapande kreftene i naturen. Regenerativ utvikling er nærings- og samfunnsutvikling innanfor dei rammer naturen set. Det vil bli lagt AVGJERANDE vekt på at den som blir tilsett deler vårt regenerative verdigrunnlag og brenn for ei naturnær framtid.
Med andre ord; me leitar nok meir etter "den engasjerte intelektuelle" enn etter den som primert jagar formelle titlar og/eller karriereutvikling. I utgangspunktet søkjer me ein førsteamanuensis, men for særleg interessante kandidatar kan me vurdera anna tilsetjing.
Her er døme på arbeidsoppgåver:
· Fagansvar for eitt eller fleire av kursa våre + undervisning i andre kurs
· Kontakt med og oppfølging av studentar (rettleiing)
· Deltaking i eksisterande forskingsprosjekt
· Generering av nye forskingsprosjekt
· Formidlingsverksemd
Den som blir tilsett kan eigentleg bu kor som helst i landet. HGUt praktiserer i all hovudsak heimekontor, men høgskulen har og kontor disponibelt på campus på Bryne. Undervisning er samlingsbasert og føregår frå campus og direkte online. Den tilsette må vera førebudd på å vera til stades på Bryne under samlingane (i snitt tre dagar i slengen ein eller to gongar i månaden) dersom studentar skulle ønskja dette.
Søknadsfrist er "snarast". Det betyr at annonsen er open til den rette er på plass.
Tilsetjing frå 01.09.24 eller etter avtale. Me er fleksible for å få på plass den rette kandidaten.
Om bedriften
Høgskulen for grøn utvikling (HGUt) skal vera ein spydspiss i utviklinga av ei grøn, naturnær framtid.
Høgskulen tilbyr Bachelorgrad i nyskaping og regenerativ utvikling, samt enkeltkurs der fokus er nyskaping og entreprenørverksemd knytt til natur- og/eller kulturressursar. Høgskulen har også ei omfattande satsing på forsking- og oppdragsverksemd innanfor same temafelt. HGUt står i fronten i utviklinga av regenerativt landbruk og regenerativ utvikling som fagfelt i Norge.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2674699
- Sist endret
1. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c8a83833-b42f-40fd-8081-43c6f9d8426a