Ledige stilling
Lærdal kommune Sogn LMS og helse
Øyraplassen 7, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Stilling som sjukepleiar/paramedic/vernepleiar ved Sogn Lokalmedisinske senter
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. februar
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen. Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Me kan nemna Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.
Lærdal kommune har ledig 100% faste stilling som Sjukepleiar/Paramedic/Vernepleiar ved Sogn lokalmedisinske senter. Stillingen er i tredelt turnus med dag, kveld og nattevakter i virkedagar, og med langvakter på helge- og høgtidsdagar. Dette gjev oss høve til å tilby arbeid kvar fjerde helg og 33,6 timers arbeidsveker for våre tilsette.
Sogn lokalmedisinske senter (Sogn LMS) har ansvar for å besvara legevaktstelefon (116117), samt legevaktformidling til samarbeidande legevaktslegar i kommunane i Sogn (Vik, Sogndal, Luster, Årdal, Aurland og Lærdal).
Me har legevakt og tek imot pasientar frå kommunane i Indre Sogn (Aurland, Årdal og Lærdal) på kveld, natt, helg og høgtidsdagar.
Krav til utdanning:- Krav til 3-årig relevant bachelorutdanning med norsk autorisasjon
- Tilleggskrav til kurs i akuttmedisin, handtering av trugsmål, vald og overgrep. Arbeidsgivar tilbyr og dekkjer desse kursa
- Gode språkkunnskapar innanfor norsk og engelsk, skriftleg og munnleg
- God formidlingsevne
- Gode IKT-kunnskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagde
Arbeidsoppgåver:- Operere legevaktstelefon (116117) for kommunane i Sogn
- Mottak og triagering av pasientar
- Ta vitale målingar av pasientar, eventuelt EKG
- Starte intravenøs behandling i påvente av innlegging eller vidare transport
- Kortare observasjon av pasientar
- Assistere vakthavande lege ved sying, sårstell, gipsing med meir
- Rettleia og gje råd til pasientar/innringarar over telefon og videokonsultasjon
- Nytte nasjonale verkty som Norsk medisinsk index i kartlegging og triagering av pasientar
Turnusarbeid
Krav om politiattest, jf. Lov om helsetenester.
Me kan tilby:- Rekrutteringstilskot kr 60.000 som eingongsutbetaling og bindingstid i 2 år.
- Ein spanande og utfordrande jobb i eit godt arbeidsmiljø
- Kurs og opplæring i tråd med nasjonale krav til legevakt og legevaktsentral
- Ønsketurnus i form av årsarbeidsplan, med mogelegheit for tilrettelegging for pendling eller andre høve
- Overnattingstilbod for tilsette som bur i andre kommunar
- Full barnehagedekning
- Gratis fulltids-SFO for 1.klassingar, gratis deltids-SFO heilt til 3.klasse
- Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
- Eit vel av friluftsmoglegheiter; fiske, jakt, utsiktsturar, toppturar til ski og til fots med meir
- Eit rikt kulturliv med mange små og store arrangement gjennom året, som Lærdalsmarknaden, Jordeplerock, Kom heimatt, Rakafisk-VM, motbakke- og terrengløp med meir
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2817188
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3443553_228183_nn