Sommarjobb hos oss?
Hjartdal kommune treng sommarvikarar innanfor ulike tenesteområder:
• Heimesjukepleietenesta søkjer etter assistentar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarar til arbeid både dag/ kveld, natt og helg.
• Tenesta praktisk bistand- heimehjelp søkjer etter assistentar for arbeid på dagtid i veka.
• Hågån bu-fellesskap søkjer etter fagarbeidarar/ vernepleiarar (studentar), men assistentar er også velkommen til å søkje. Arbeidstider er både dag/kveld, evt. natt, samt helger.
• Hjartdal omsorgssenter søkjer etter sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar til arbeid dag/kveld/natt og helger.
Me ser gjerne at du har erfaring frå tilsvarande arbeid og kjenner fagområda frå før – sjølv om dette ikkje er ei føresetnad.
Me ynskjer at du er ein person med interesse for fagområdet, har ståpåvilje og er lojal. Du er fleksibel, samarbeidsviljug og ynskjer å jobbe når vi treng deg. Dei som blir tilsett må vere personleg egna for stillinga.
Vår sommeravtale til ferievikarar:
I veke 26-31:
- Høyskolestudentar som vil jobbe innan relevante fagområde, vert lønna 10.000,- over minstesats pr. dokumenterte studieår.
- For perioda aukast årsløn med gjeldande sats.
- Det utløsast bonus på 12.000,-, uavhengig av kompetanse/yrkesbakgrunn ved arbeid over 80% innafor vekene 26-31.
Kva kan du forvente?
- Eit inkluderande arbeidsmiljø
- Eit høgt fagleg nivå på arbeidsplassen og i tenestane
- Ein moglegheit for vidare arbeid som vikar
- Gode løn- og pensjonsvilkår
Kva ynskjer vi frå deg?
- Det er ei fordel om du har erfaring frå tilsvaranda arbeid, men dette er ikkje ei føresetnad.
- At du er lojal, har ståpåvilje, er fleksbel og er motivert til å lære.
Du må ha førarkort klasse B for å jobbe i Heimetenesta og som Praktisk bistand – Heimehjelp.
Dei som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.
Link til søknadsskjema: Søk her