Autorisert sjukepleiar
I Bykle skal alle oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, i tråd med Leve hele livet-reforma. Målet er å sikre alle med behov for helsehjelp gode tenester. Ernæring, fysisk aktivitet og miljøbehandling er viktig.
Bykle pleie- og omsorg har ein institusjon med 15 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens, 6 somatiske plassar og 1 ØHD plass. I tillegg omfattar Bykle pleie- og omsorg heimebaserte tenester og habiliterings tenester.
Vi ynskjer gode faglege diskusjonar. Godt humør er ein viktig del av arbeidskvardagen, og vi er opptekne av å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode og vi ynskjer DEG med på det laget i Bykle!
Stilling er i dag knytta til turnus i institusjon, er organisert med arbeid i 3 delt turnus og arbeid kvar 3. helg. Tiltreding i stillinga snarast.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleifaglege oppgåver
- Klinisk arbeid med pasientar, grunnleggande pleie og medisinsk oppfølging og behandling.
- Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar.
- Take del i dei ulike oppgåvene som er i eininga
- Muntleg og skriftleg dokumentasjon
- Samarbeid med andre einigar og med ressurspersonar.
- Nokre tyngre arbeidsoppgåver må påreknast
- Bidra til motivasjon og godt arbeidsmiljø
- Multidose og generell legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Det er ynskjelig med røynsle frå liknande arbeid
- Interesse for å arbeide med eldre
- Må kunne bruke digitale arbeidsverktøy
- Gode norskkunnskaper, muntleg og skriftleg
Utdanningsretning
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høgskule/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
Personlege eigenskapar
- Fagleg dyktig, lojal, ærleg og tålmodig
- Forutan gode faglege kvalifikasjonar ser vi etter ein positiv person med god framferd.
- Må kunne arbeide sjølvstendig, men også i team
- Du må vere stabil, pliktoppfyllande , løysingsorientert og ha gode samarbeidsevne og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Det blir ved tilsetting lagt vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide
- Du må takle uførutsette hendingar
- Er utviklingsorientert, handlekraftig og fleksibel.
- Likar utfordringar.
- Har brukar i fokus.
- Bidrar til godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
- Konkurransedyktig lønn
- Gode pensjons- og forsikringsordning
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
- Flyttegodtgjersle etter eige reglement
- Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluftsliv både sommar og vinter.
- Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen.
- Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald.
- Bedriftsleiligheit i Kanalbyen, Kristiansand
Krav om godkjent politiattest ved tilsetting.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Ranghild Hoslemo, Tenesteleiar, 47354904, ragnhild.hoslemo@bykle.kommune.noArbeidsstad
Øvre Sarv 14754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommuneReferansenr.:4583106209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.11.2022
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.