Psykologspesialist
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykosepoliklinikk, Helse Bergen
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Om jobben
Stillingstittel
Psykologspesialist
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. desember
Har du lyst til å vere med å bygge opp vårt psykosebehandlingstilbod? Vi har tilsett seksjonsoverlege, psykologspesialist og psykolog. Vi ønsker å supplere teamet vårt ytterlegare med to psykiatrar og ein psykologspesialist.
Du vil i stor grad kunne vere med å utforme behandlingstilbodet, og påverke korleis vi yter tenestene til
pasientgruppa.
Bjørgvin Distrikspsykiatriske senter (DPS) er ein del av Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken
gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarane i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen,
Masfjorden, Modalen og Osterøy og i tillegg bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. Samla har
klinikken eit opptaksområde med om lag 80 000 innbyggjarar over 18 år. Klinikken er lokalisert på Tertnes i Åsane og i Knarvik i Alver kommune. Døgntilbodet er lokalisert på
Tertnes, medan polikliniske tenester blir gitt både i Knarvik og på Tertnes. Klinikken omfattar fagområda
psykose og allmennpsykiatri.
Bjørgvin DPS søker etter ein psykologspesialist i 100% fast stilling til fagområdet
psykose. Stillinga gir rom for alternativ tenking knytt til arbeidsplan. Dette inneber at ein kan arbeide
intensivt i periodar for så å ha fri i periodar. I friperiodane vil det vere noko ubunden arbeidstid som
psykologspesialisten nyttar til førebuing. Klinikken har ei kognitiv behandlingstilnærming.
Arbeidsoppgåver
Bjørgvin DPS sine kjerneoppgåver er:
- Spesialisert utgreiing og differensiert behandling
- Opplæring av pasientar og pårørande
- Rettleiing til den kommunale psykiske helsetenesta
- Forsking, kvalitetsutvikling og utdanning av helsepersonell
Klinikken har for tida 11 legespesialistar og 20 psykologspesialistar. Vi ønsker å styrke spesialistkompetansen ytterlegare.
Vi legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning for
spesialistar og vi har fokus på klinikknær forsking. Samarbeid med sjukehus, kommunar og
brukarorganisasjonar er ein viktig del av jobben
Bjørgvin psykosepoliklinikk/ FACT team:
* Teamet er breitt, tverrfagleg samansett med overlegar, psykologspesialistar, psykologar, sosionomar, IPS konsulentar, spesialsjukepleiarar, vernepleiarar, musikkterapeut, ergoterapeut, fysioterapeut og erfaringskonsulent. Totalt er der 20 årsverk i poliklinikken/ FACT teamet
* Seksjonen har pasientar i frivillig vern, pasientar som er under psykisk helsevern på tvang utan
døgnopphald og pasientar som er domfelte til psykisk helsevern på tvang. Poliklinikken /FACT teamet har
totalt 150 pasientar i behandling.
Bjørgvin psykose døgnbehandling:
* Eininga har ei velkvalifisert personalgruppe der den store majoriteten er høgskuleutdanna personale med vidareutdanning i psykisk helse og/eller rusproblematikk
* Totalt har seksjonen 15 døgnplassar. Seksjonen har i tillegg psykolog, psykologspesialist, lege med spesialitet i allmennmedisin og sosionom
Kvalifikasjonar
- Spesialist i klinisk vaksenpsykologi med vedtakskompetanse ihht psykisk helsevern lov
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med erfaring frå psykose
- Ønskeleg med erfaring frå rettleiing
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert og løysingsorientert
- Du er tilpassingsdyktig, effektiv og sjølvstendig
- Du likar å jobbe tverrfagleg, både internt i eigen seksjon og med samarbeidspartnarar
- Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst i eit aktivt og travelt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande psykologspesialiststilling i ein veldreven seksjon med høg tverrfagleg kompetanse
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Wenny Karin Bernes, Seksjonsleiar, 90980134Nils-Olaf Steinstø, Psykologspsialist, 55957000
Arbeidsstad
Tertnesveien 375113 Tertnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4890472851
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.12.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Nils-Olaf Steinstø
Psykologspsialist
55957000
Wenny Karin Bernes
Seksjonsleiar
90980134
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2800323
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2fca93f6818944d0a1c789455880dfd2