Assistent
Kirugisk serviceklinikk/ Sterilsentralen, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Assistent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Sterilsentralen er ein seksjon i Sterilforsyning og støtteavdelinga som leverer sterilt fleirgongsutstyr til avdelingane som utfører pasientbehandling. Vi mottar mange typar kirurgisk utstyr som skal kontrollerast, pakkast og steriliserast etter nasjonal og internasjonal standard. Vi tel rundt 50 tilsette, og er ein travel seksjon med korte leveringsfristar. Vi leverer til avdelingar i heile sjukehuset,- også avdelingar med avstand der leveranse med bil er nødvendig.
Sterilsentralen er ei produksjonseining i endring. Vi planlegg flytting av dagens Sterilsentral. Vi skal inn i nye lokale som er under bygging. Vi samlar reingjering, desinfeksjon og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr frå alle einingar i sjukehuset. Dagens oppgåver i Sterilsentralen vil endrast i takt med denne utviklinga. Avdelinga forventar at ein søkjer fagskuleutdanning i Sterilforsyning når ein blir oppmoda til det.
Vi har no ledig eit 100% vikariat frå snarast og til 31.12.2024
Arbeidsoppgåver
- Mottak, kontroll, vedlikehald, emballering og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr
- Arbeid på lokasjonar utanfor sjølve Sterilsentralen
- Kommunikasjon med dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar Sterilsentralen sine tenester
- Etter opplæring og oppnådd tryggleik på alle arbeidsstasjonar, vil du også få ansvarsvakter
- Reinhald av lokala i Sterilsentralen
- Arbeidsoppgåvene vil endre seg i takt med utviklinga i faget og drifta
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring frå reinhald
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til IKT som arbeidsverktøy
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Du har interesse for helse, hygiene og pasientsikkerheit og søker meir kunnskap om fagområda
- Du er kvalifisert for opptak til fagskuleutdanninga
Personlege eigenskapar
- Du må vere eigna for oppgåvene
- Du arbeider nøye og strukturert - også under høg aktivitet
- Du er fleksibel, endringsvillig og kan arbeide både i team og aleine
- Serviceinnstilt og hyggeleg
- Du er i god fysisk form, arbeidet kan vere krevjande for skuldre, nakke og rygg
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- 3-delt turnus (dag, kveld og natt), med arbeid pt. kvar fjerde helg
- Fast mentor
- Ein god arbeidsplass med trivelege, svært erfarne og kunnskapsrike kollegaer
- Kurs og oppdateringar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Vigdis Haram, Seksjonsleiar, 55976246Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4864765167
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 10.10.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2753275
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a1b7e8ed455a4ea6833912548e6498ad