Utdanningsstilling anestesisjukepleie i Helse Bergen
Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for Kompetanseutvikling / Utdanning, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Utdanningsstilling anestesisjukepleie i Helse Bergen, 2024
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Haukeland universitetssjukehus tilbyr studentar som har fått tilbod om studieplass i master i spesialsjukepleie/anestesisjukepleie ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), campus Bergen, å søke utdanningsstilling i Helse Bergen.
Tildeling av utdanningsstilling er basert på kapasitet og behov, samt vurdering av den enkelte søkar. Det blir gjennomført ordinær tilsetting med intervju og referansesjekk
Følgande må leggast ved søknaden:
- Stadfesting av studieplass, vitnemål og tenestebevis
- Ein referanse for tilsette i Helse Bergen og to referansar for eksterne, der ein av dei er din noverande leiar
- HPR-nummer (i CV) - Helsepersonellregisteret - HPR (helsedirektoratet.no)
Merk at økonomisk støtte frå Helse Bergen til anna vidareutdanning kan vere til hinder for å få utdanningsstilling.
Arbeidsoppgåver
- Du skal delta i undervisning/praksis og gjennomføre studiet ved HVL over 3 semester til ferdig kvalifisering som anestesisjukepleiar
- Du skal arbeide som sjukepleiar i Helse Bergen i 10% stilling knytt til helg/høgtid gjennom studietida og 100% stilling 4 veker sommaren 2025
Kvalifikasjonar
- Minst 2 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon
- Du har fått tilbod om studieplass ved HVL, campus Bergen
- Søkarar med tilsetting i Helse Bergen blir prioritert
- Du må kunne arbeide i tredelt turnus
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du likar å vere fagleg oppdatert og har pasienten i fokus
- Du er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
- Du er samarbeidsvillig, fleksibel, har god kommunikasjonsevne og likar å jobbe i tverrfaglege team
- Du kan tilpasse deg, har organisasjonsforståing og ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- 100% fast stilling i Helse Bergen frå studiestart
- Løn under vidareutdanning i 3 semester til ferdig kvalifisert anestesisjukepleiar. Uløna permisjon for master i 4. semester etter avtale
- Du får 90% minsteløn i studiedelen av stillinga (90%) og ordinær løn for arbeid som sjukepleiar i helg/høgtid (10%), samt sommar 2025
- 100% fast stilling som spesialsjukepleiar, med bindingstid på 2 år i 100% stilling, etter gjennomført utdanning
Kontaktinformasjon
Eline Vartdal Sætre, Seniorrrådgivar, 91804537Kristina Maria Borge, Rådgivar, 95857049
Anniken Knag Haukeland, Spesialsjukepleiar Bemanningssenteret, 91576157
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4796336789
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.05.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2630076
- Sist endret
21. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1659cc1729d744a8ab970738654e48c1