Hotellsjef på Stad Hotell
Stad Hotell As
Leikanger 56, 6750 Stadlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Vil du vere med på å vidareutvikle Stad Hotell og løfte det til nye høgder?
Er du serviceinnstilt, opptatt av å skape gode opplevingar, og trivst med å jobbe i team for å nå felles mål?
Er du ein leiar som inspirerer andre til å yte sitt beste og utviklar potensialet i kvar enkelt medarbeidar?
Stillingstittel
Hotellsjef
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk, skandinavisk eller engelsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg somHar leiarerfaring, fortrinnsvis innan hotell- eller restaurantdrift.
Har erfaring frå hotellbransjen.
Har solid økonomisk forståing med fokus på omsetnad og kostnadsstyring.
Er ein trygg leiar som skapar eit godt arbeidsmiljø og inspirerer medarbeidarane dine.
Har lidenskap for reiseliv og hotelldrift.
Er ein relasjonsbyggjar med gode kommunikasjonsferdigheiter, både på norsk og engelsk.
Arbeidsoppgaver
Hovudansvar for hotellets daglege drift, inkludert økonomi, budsjettstyring og rapportering.
Personalansvar, inkludert bemanningsplanlegging, lønn, arbeidsavtalar, rekruttering og utvikling av tilsette. Du skal leie og inspirere medarbeidarane med fokus på å sikre høg kvalitet i alle ledd.
Vidareutvikle og implementere strategiske planar for å auke lønsemd og gjestetilfredsheit.
Samarbeide tett med konsernleiinga i Ervik Group.
Bygge sterke relasjonar med lokale leverandørar og samarbeidspartnarar for å styrke hotellets posisjon.
Vi tilbyr
Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår og eit dynamisk arbeidsmiljø der kvalitet, gjestfridom og god service alltid står i fokus.
På fritida kan du nyte den vakre naturen og rike historia på Stadlandet. Utforsk naturskjønne omgjevnader som Ervik, Vestkapp eller surfeparadiset Hoddevik. Stadlandet byr på oppmerka turløyper, dagsturhytter, eit rikt aktivitetstilbod og eit splitter nytt treningsstudio drifta av Stad Hotell.
Om bedriften
Stad Hotell AS, eigd av Ervik Group, ligg idyllisk til i havgapet heilt vest i Noreg, på Stadlandet i Stad kommune.
Hotellet har 32 rom, ein stor bankettsal, restaurant, barar, museum, treningssenter og mykje meir. Her arrangerer vi alt frå bryllaup og store selskap til konferansar, sosiale tilstellingar og private arrangement.
Som hotellsjef på Stad Hotell vil du ha det overordna ansvaret for drift, økonomi og vidare utvikling av hotellet som ein attraktiv destinasjon. Du vil leie eit dedikert og motivert team med spesielt fokus på å styrke hotellets posisjon som ein føretrekt destinasjon for både forretnings- og fritidsreisande.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2827120
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c75b94c5-e936-47ca-98d1-f218599499e0