Miljøterapeut, natt
Org. nr: - Stillingsident: 4471061775 Presentasjon av stillingen:
Stillingane ligg til nytt bufellesskap under etablering i Olsvika. Dei tilsette skal gi heildøgns omsorg til menneske med funksjonsnedsettingar.
Fleire faste stillingar som miljøterapeut på natt er ledig frå snarast. Stillingane er av 65,73% storleik med arbeid kvar 3.helg.
Dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar kan vi tilsette t.d miljøarbeider eller pleiemedarbeider i mellombels stilling. Vi søkjer også etter tilkallingsvikarar som kan ta vakter både på natt, dag og kveld-samt til langvakter.
Arbeidsoppgåver
- Arbeide målretta saman med den enkelte tenestemottakar, pårørande og kollegaer for å ivareta den enkelte sin rettstryggleik.
- Bistå til at tenestemottakar får individuelt tilpassa tenester og ein meiningsfull og aktiv kvardag, og god søvnhygiene.
- Miljøarbeid, herunder praktisk bistand i tenestemottakarane sine leiligheiter.
- Levere tenester i tråd med vedtak, lovverk, fagleg anarkjent metodikk og etiske retningsliner, samt kommunenes verdiar og målsettingar.
- Helseoppfølging, herunder medisinansvar for søkarar med autorisasjon. Legemiddelhandtering etter delegasjon.
- Arbeide etter fagadministrative system (Visma Profil, Compilo).
- Gje rettleiing til og opplæring av nye kollegaer.
- Halde deg kontinuerleg oppdatert ved bruk av t.d mail og Teams.
- Vere lojal mot system og metodar, og utføre oppgåver som vert delegert
Kvalifikasjonar
- For miljøterapeutstillingane søker vi personar med 3. årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning eller pedagogisk utdanning.
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning i psykisk helse
- Du må kunne vise til erfaring frå arbeid med menneske med utviklingshemming.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå kap. 9 i Helse og omsorgstenestelova.
- Meistre norsk godt, både skiftleg og munnleg.
- God digital og velferdsteknologisk kompetanse, eller evne til å lære seg dette.
- Førerkort kl. B.
- Krav om politiattest av ny dato.
Personlege eigenskapar
- Kunnskap, interesse for og erfaring frå arbeid med målgruppa.
- Engasjert, fleksibel og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons og samarbeidsevne.
- Evne til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig.
- Du motiverer, inspirerer og tek ansvar for at vi saman oppnår god fagleg og etisk standard.
- Du må vere ein positiv kultur- og haldingsbærar.
- Evne til å arbeide sjølvstendig, og i team.
Vi tilbyr
- Involvering og deltaking i å etablere eit nytt bufellesskap.
- Faglege utfordringar, varierte og givande arbeidsoppgåver.
- Arbeid i turnus.
- God opplæring og oppfølging.
- Løn etter gjeldande tariff
Kontaktinformasjon
Wenche Karin Åsmo Brandt, Verksemdsleiar, 95432994, wenche.karin.asmo.brandt@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Vestre Hovdenesvegen 6
6019 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Ålesund kommune
Referansenr.:4471061775
Stillingsprosent: 65,73%
Fast
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 67.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 5.400 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.