Leiar NAV Suldal og NAV Sauda
Org. nr: - Stillingsident: 4165701161 Presentasjon av stillingen:
Er du handlekraftig? Er du engasjert? Tenkjer du at endring og resultat vert skapte gjennom kontinuerleg samspel mellom innbyggjarar, næringsliv og det offentlege? Vil du vera med på å gje menneske moglegheiter? Då er kanskje du den nye leiaren av NAV Suldal og NAV Sauda!
NAV Suldal og NAV Sauda er to NAV-kontor, men har frå 2015 hatt felles leiar. Stat og kommunane eig NAV kontora saman. NAV-leiar rapporterer til direktøren i NAV Rogaland og kommunalsjef for helse og omsorg i dei to kommunane. NAV-leiar er ein del av leiarteamet til kommunalsjefane for helse og omsorg, og vil delta i leiarforum i NAV Rogaland.
Sauda kommune har 4600 innbyggjarar, medan Suldal kommune har 3800 innbyggjarar. NAV-kontora ligg sentralt i Sauda og i Sand. Leiar har delt arbeidsstad og skal vere til stades i begge kontora.
Mål og oppgåver
• Utvikle NAV-kontora i tråd med NAV sin visjon <>
• Fag-, resultat- og personalansvar på statleg og kommunalt område
• Skape engasjement, motivasjon og tillit hjå medarbeidarane, tillitsvalde og samarbeidspartnarar
• Byggje gode og produktive relasjonar internt og eksternt, m.a. til arbeidsgjevarar
• Vidareutvikle lokal organisasjonsmodell for å sikre god fagleg kvalitet i tenestene
• Leie endringsprosessar som bl.a. omfattar å ta i bruk ny digital teknologi
• Sørgje for godt samarbeid med tillitsvalde og verneombod
Kvalifikasjonar
Vår nye leiar må ha fullført utdanning tilsvarande minimum bachelor. Relevant utdanning og/eller leiarerfaring kan kompensere for utdanningskravet. Det er ynskjeleg med samfunnsorientert utdanning, gjerne innan leiing/personalleiing eller andre relevante fagområde.
Me ser etter ein leiar som har dokumentert erfaring frå leiarstilling med personalansvar, gjerne med erfaring frå endringsleiing eller frå organisasjonar i omstilling.
Kjennskap til medråderett og hovudavtalane i stat og kommune er ein fordel. Det er òg ynskjeleg med kunnskap om Forvaltningslova og anna relevant lovverk.
Du må ha god digital kompetanse og mot til å ta den i bruk.
Det er eit krav at du må kunne gjera deg forstått godt både munnleg og skriftleg. Du må kunne kommunisere skriftleg på begge målformer. Offisiell målform i begge kommunane er nynorsk.
Eigenskapar og kompetanse
Personlege eigenskapar vil verta vektlagde. Me ser særskilt etter deg som:
• Forstår verksemda sine strategiar og prioriteringar, og brukar desse til å oppnå mål.
• Er ein relasjonsbyggjar som kan gje truverd, tillit og innverknad i organisasjonen og overfor publikum, arbeidsgjevarar og andre samarbeidspartnarar.
• Har innverknad og møter utfordringar på ein overtydande måte.
• Er ein god kommunikator som formidlar informasjon klart, både munnleg og skriftleg.
• Har pågangsmot og er positiv og entusiastisk, òg i vanskelege situasjonar.
I rekrutteringsprosessen vil DNV GL-sertifisert MAP personlegdomstest verta nytta.
Me tilbyr
• Spanande og meiningsfylde arbeidsoppgåver på eit viktig samfunnsområde.
• Gode moglegheiter for vidareutvikling.
• Aktive og engasjerte kollegaer.
• Statlege tilsetjingsvilkår.
• Løn som Seksjonssjef, kode 1211, pt. kr 627.700 -- 679.000 pr. år
• God pensjonsordning i Statens Pensjonskasse. Våre personalordningar finne du meir om på www.nav.no under "NAV og Samfunn - Søk jobb i nav".
• Begge kommunane kan hjelpa med å skaffe bustad.
Kontaktinformasjon
Merethe Prytz Haftorsen, Direktør NAV Rogaland, 93426424, Merethe.Prytz.Haftorsen@nav.no
Øyvind Valen, Rådmann Suldal kommune, 95051159, oyvind.valen@suldal.kommune.no
Rune Kloster Tvedt, Rådmann Sauda kommune, 41635538, rune.kloster.tvedt@sauda.kommune.no
Arbeidssted
Brugata 2
4200 Sauda
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:NAV
Referansenr.:4165701161
Stillingsprosent: 100%
Søknadsfrist: 18.12.2019
Om bedriften
NAV (arbeids- og velferdsforvaltningen) levera arbeids- og velferdstenester til Noregs befolkning og har 19 000 medarbeidarar fordelt over heile landet. NAV skal gje menneske mogelegheiter, og vårt hovudmål er å få fleire i arbeid. Vi ser etter deg med pågangsmot og engasjement som ynskjer meiningsfulle og varierte arbeidsoppgåver.
NAV er ein inkluderande arbeidsplass som er prega av mangfald. Vi ynskjer at alle kvalifiserte kandidatar søkjar jobb hos oss. Vi legg vekt på å legge til rette for arbeidstilhøva om du har behov for det. I lys av inkluderingsdugnaden oppfordrar vi personar med nedsett funksjonsevne og/eller "hol i CV" om å søkje jobb hos oss. Dei er ein verdifull arbeidskraftressurs som NAV treng. Søkjarar som gir til kjenne at dei har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, gjerast oppmerksam på at denne opplysinga kan bli brukt til statistikkføremål ifm. regjeringas inkluderingsdugnad dersom vedkomande blir tilsett. Vi gjer oppmerksam på at CV blir nytta til ei utvida søkjeliste. Dersom du ønskjer å bli fjerna frå offentleg søkjeliste må det bli gitt ei grunngjeving. Sjå feltet for spesiell vurdering under utfylling av CV. Opplysingar kan bli offentleggjorte sjølv om du har bede om å ikkje bli oppført i søkjerlista. Du blir varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje takast til følje.