Lærlingar i Helsearbeidsfaget - pleie- og omsorgstenesta
Me har ledig
2 stillingar som lærling i helsearbeidarfaget frå medio august 2020.
Læreperioden vert fordelt mellom ulike arbeidsplassar innan pleie- og omsorgstenestene, både i heimetenesta og på institusjon.
Som lærling får du høve til utplassering på sjukehus, både i inn- og utlandet.
Me tilbyr deg ein læreplass som er spanande og utfordrande. Du vil få god fagleg og personleg opplæring, og nødvendig kursing som tilfredsstiller dei krav som læreplassen fastset.
Kvalifikasjonskrav
Me søkjer etter personar som har fullført og bestått VG1 og VG2.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
Vik kommune tilbyr 100% fast stilling etter godkjent utdanning/fagbrev.
Ved fast tilsetjing vil helsefagarbeidar få eit lønnstillegg til grunnlønn på p.t. kr. 15 000,- pr. år fram til full ansiennitet er oppnådd.
Løn for lærling blir fastsett som ein prosentvis andel av minsteløn for fagarbeidar.
Fag som følgjer hovedmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i bedrift.
Lønstabell:
1.halvår: 30 % av minsteløn fagarbeidar
2.halvår: 40 % " "
3.halvår: 50 % " "
4.halvår: 80 % " "
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.
Den som vert tilsett må levera politiattest og helseattest av ny dato.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt med Tenestetorget på tlf. 57 69 82 00.
Søknadsfrist 08.03.2020 Utlyst dato 20.02.2020 Vårref 491
Kontaktperson
Marit Johanne Andersen, Kommunalsjef helse og velferd, mobil: 90686227, marit.johanne.andersen@vik.kommune.no
Om bedriften
Vik kommune har i underkant av 2700 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk.
Vik kommune er ein stor arbeidsplass med om lag 350 tilsette fordelt på ca 254 årsverk og eit brutto driftsbudsjett på 206 mill.kr.