Helsefagarbeidar - natt
Org. nr: - Stillingsident: 4333610839 Presentasjon av stillingen:
Butiltak for funksjonshemma avd Stemhaugen bueining ligg i Sveio sentrum. Avdelinga er beståande av døgnbemanna bustadar for psykisk utviklingshemma, med samansette behovsutfordringar. Butiltaket er organisert under resultateining Habilitering. Me har nå ledig fast stilling på 65,7 % som nattevakt. Turnus med arbeid kvar 3.helg.
Arbeidsoppgåver
- Vaken nattevakt
- Tilsyn- og omsorg for bebuarar
- Bidra til utvikling av tenesteområde
Kvalifikasjonar
- Utdanning innan helse og sosialfag, fortrinnsvis helsefagarbeidar
- Krav om politiattest
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver
- Lærar av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
- Fagleg engasjert og oppdatert, med ynskje om å halde deg oppdatert
- Evne til å gje og ta imot rettleiing
- Du må kunna jobbe sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
- Evne til å arbeida målretta og systematisk
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass i stadig utvikling, med sterkt fokus på den einskilde tenestemottakar
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- God pensjonsordning gjennom KLP -- frå løna blir det trekt 2 %
Kontaktinformasjon
Evy Kjellesvold, Einingsleiar Habilitering, 975 30 041
Arbeidsstad
Åsvegen 12
5550 Sveio
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4333610839
Stillingsprosent: 65%
Fast
Søknadsfrist: 28.01.2021
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.