Overlege i klinisk farmakologi – vikariat, deltid
Laboratorieklinikken / Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF), Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overlege i medisinsk biokjemi
Type ansettelse
Vikariat, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Vi har frå 01.05.2025 ledig eit vikariat av eitt års varigheit i inntil 40% som overlege i klinisk farmakologi.
Seksjon for klinisk farmakologi og RELIS Vest ved Avdeling for medisinsk biokjemi og farmakologi (MBF) er lokalisert ved Haukeland Universitetssjukehus i Bergen. Avdelinga har ein omfattande rutine- og forskingsaktivitet og er også godkjend for hovudutdanninga innan spesialiteten klinisk farmakologi.
Seksjonen har tilsatt 6 overlegar, av dette ein overlege i bistilling med hovudstilling på Universitetet i Bergen (UiB) og tre legar i spesialisering (LIS). RELIS Vest har ansatt ni farmasøytar. Fleire medarbeidarar har bistilling ved UiB. Seksjonen har ansvar for leiarskap av Helse Bergen sin legemiddelkomite og for koordinering av legemiddelrådgjeving i foretaket. Seksjonen inkluderer legemiddelinformasjonssenteret i Helseregion Vest, RELIS Vest.
Seksjonens medarbeidarar gir beslutningsstøtte til primær- og spesialisthelsetenesta innan legemiddelbehandling og formidlar kunnskap om riktig bruk av legemidler.
Arbeidsoppgåver
- Den som vert tilsett skal medvirke til videreutvikling av klinisk farmakologi i foretaket og i Helseregion Vest forøvrig
- Delta i bakvaktordninga til seksjonen, rådgi/rettleie LIS, og rettleie/samhandle med rekvirentar
- Undervisning i klinisk farmakologi til anna helsepersonell
- Lleiaransvar innan spesielle område av verksemda, som MBF sin satsing innen samhandling med legemiddeltunge aktører i Helseforetaket og med formidling av kunnskap om riktig bruk av legemidler til helsepersonell både i primær- og spesialisthelsetjenesten
- Det er ein del av verksemda å drive med forsking og utvikling, og det vert lagt til rette for det
Kvalifikasjonar
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege og være spesialist i klinisk farmakologi
- Erfaring frå arbeid med eldre pasientar og erfaring med prosjektarbeid innan laboratorieverksemd vert vektlagt
- Erfaring som prosjektleiar, samt erfaring frå formidling og forsking/publikasjonsverksemd vert og vektlagt
- Det forventast at den som vert tilsett har doktorgrad eller kvalifiserer seg vitenskapelig på doktorgradsnivå etter tilsetjing
- Søkjar må ha svært god munnleg og skriftleg framstillingsevne innan norsk og engelsk
Personlege eigenskapar
- Ha evne til sjølvstendig og prosjektorientert arbeid
- Vere interessert i forsking og utvikling
- Vere motivert og ansvarsmedviten og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Fagleg og personleg utvikling
- Gode moglegheiter for forsking innan våre satsingsområde
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- Eit rikhaldig bedriftsidrettstilbod
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Camilla Borthen Methlie, Enhetsleder/seksjonsoverlege, 95978278, camilla.borthen.methlie@helse-bergen.no>Hege Hoff Skavøy, Avdelingssjef, +47 55974397, hege.hoff.skavoy@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4917629130
Stillingsprosent: 40%
Vikariat
Søknadsfrist: 20.02.2025
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2856726
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8293ab90f3874abd8d5b521e00a5b381