ID 1851 Vernepleiarar - Eining for habilitering
Eining for habilitering har hovudkontor i SKE-bygget på Leirvik. Bustader med heildøgnsomsorg er lokalisert ulike stadar i Stord kommune.
Eininga har mangfaldige personalgrupper som trivst godt i saman. Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert.
God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, er eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Det er 3 ledige fast 100% stillingar som vernepleiar i fleire av bustadane med heildøgnsomsorg. Stillingane er ledig frå dags dato. Stillingane er for tida i turnus med dag/kveldsvakter og arbeid kvar 4. helg med langvakter.
Arbeids- og ansvarsområde er mellom anna:
- Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
- Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering av eininga og avdelinga
- Ansvar for legemiddelhandtering og opplæring
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet for brukar
- Legga til rette for aktivitet, trivsel og meistring
- Yta tenester av god kvalitet etter gjeldande lovverk
- Utføra helse- og omsorgsoppgåver etter fagleg standard
- Samarbeida og dela kompetanse på tvers av avdelingane
- Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
- Halda deg fagleg oppdatert
- Halda deg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
- Sørga for presis og utfyllande dokumentasjon
- Gjera deg kjent med og bruka aktuelle dataprogram som kommunen har i si drift
Kvalifikasjonskrav:
- Autorisert vernepleiar
- Førarkort klasse B
- God fysisk og psykisk helse
- Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Einingsleiar Nina Steinsbø Walquist, tlf. 53 49 68 82/975 52 048
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.