ID 2181 Sjukepleiarar og Helsefagarbeidar - Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Søkjer du ein interessant jobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS er eit selskap som driftar legevakt og døgnavdeling for Stord, Bømlo og Fitjar kommune.
Sunnhordland Interkommunale Legevakt IKS si viktigaste oppgåve er å levere tenester og service til innbyggjarane i form av øyeblikkelig helsehjelp. Dei tilsette er viktigaste ressurs for å nå dette målet. Vår kultur og personalpolitikk er basert på å fremja personleg utvikling, ansvarsbevissthet og arbeidsglede hos den einskilde medarbeidar.
SIL dekker akutt-teneste for om lag 34 000 innbyggarar. I tillegg er legevakta legevaktsentral for Kvinnherad og Tysnes kommune. I avdelingane har ein eit høgt fagleg miljø med god sjukepleiedekking og tett samarbeid med vaktlege og avdelingsoverlege. Ein utføre laboratoriearbeid i tillegg til mykje medisinske og kirurgiske prosedyrar. På døgnavdeling IDA yt ein behandling etter ålmennmedisinske metodar. All kontakt på legevakta blir vurdert av sjukepleiar etter hastegrad der ein nyttar norsk medisinsk index.
Døgnavdeling IDA består av 5 kommunale kortidssenger og 4 øyeblikkelig hjelp senger der vi tar imot pasientar både frå spesialisthelseteneste og fastlege/legevakt.
Sjukepleiarstillingane har høgt fagleg innhald.
Fylgjande stillingar er ledig ved døgnavdeling IDA/LEGEVAKT
1. 2 faste sjukepleiarstillingar 50% natt mellom Ida avdeling- legevakt
2. Sjukepleier i 70% fast stilling ved døgnavdeling IDA ledig frå 1.06. 2024. Stillinga har todelt turnus
3. Sjukepleier i 70% vikariat på døgnavdeling IDA, ledig frå snarast til 04.03.2025. Stillinga har todelt turnus
4. Sjukepleiar i 80% vikariat på legevakta i perioden 01.06.24 -- 01.06.25. Stillinga har tredelt turnus
5. Helsefagarbeidar fast 15% helgestilling på døgnavdeling IDA. Ledig frå 12.08.2024 (sjukepleiarstudentar kan og søke og stillinga kan kombinerast med stipendavtale)
Skriv i søknad kva stilling/stillingar du søkjer på.
Arbeidsoppgåver for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar
- Arbeide sjølvstendig og i tråd med avdelinga sine retningsliner
- Kjenna til og bruka eininga og avdelinga sine prosedyrar og rutinar
- Vera med å utvikla prosedyrar og rutinar
- Sørgja for presis og utfyllande dokumentasjon
- Samarbeid med andre faggrupper og instansar
- Fleksibel i forhold til daglege aktivitetar og drift av avdelinga
- Halda seg fagleg oppdatert
- Gjera seg kjent med, og bruka aktuelle dataprogram som avdelinga har i si drift
- Stillinga til fagarbeidar vil og innebera merkantile oppgåver og kjøkkenansvar
Krav til kompetanse for sjukepleiarar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- 2 års erfaring er ein føredel (gjeld legevakt).
- Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
- Har gode datakunnskaper.
Krav til kompetanse for helsefagarbeidarar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå kommunehelsetenesta eller anna relevant erfaring
- Interesse for fagutvikling
Personlege eigenskapar me ynskjer i alle stillingane:
- Evne til å ta ansvar og arbeide sjølvstendig og i team.
- Evne til å meistre eit høgt arbeidspress.
- Fleksibilitet.
- Evne til å bidra til godt samarbeid innan eiga avdeling og i organisasjonen generelt.
- Evne til å samarbeida tverrfagleg.
- Evne til å etablere god kommunikasjon og tillit.
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me tilbyr:
- Løn etter tariffavtale
- Utvikling av eit fagmiljø med trivelege arbeidskollegaer der du kan vera med å påverka og utforme avdelinga.
- Kurs i akuttmedisin og volds- og overgrepshandsaming
- Ei heilt ny avdeling med flotte lokalar og med spanande utfordringar.
- Internundervisning
- Bedriftshelseteneste
- Medlemskap i Stord ve og vel
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Ved ytterlegare spørsmål og interesse for stillingane, ta kontakt med
Avdelingsleiar døgnavdeling IDA: Ingvild Boga på telefon 91727837 eller send e-post til ingvild.boga@stord.kommune.no
Dagleg leiar: Agata Kapuscinska på telefon 40729263 eller send e-post til agata.barbara.kapuscinska@stord.kommune.no
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.