Fagarbeidar/driftsteknikar
Teknisk drift- og eigedom søkjer etter ein fagarbeidar/driftsteknikar i 100 % stilling som ønskjer ein spennande og variert kvardag. Stillinga ligg under avdeling for eigedom, og som fagarbeidar/driftsteknikar vil du vere kontaktleddet mot brukarar av kommunen sine eigedomar i Bykle og på Hovden.
Vi søkjer primært etter ein person med erfaring innan arbeid med grøntarealer og/eller drift og vedlikehald av større bygg som har fagbrev innan grøntarbeid, byggdrift, tømrer, elektriker, ventilasjon, røyrleggjar, eller dokumentert relevant erfaring.
Du vil ha ansvar for løpande drift og vedlikehald av grøntarealer og bygg, slik at dei er i samsvar med forventingar og gjeldande krav. Du vil ha ei sentral rolle for å sikre optimal drift av grøntareala og bygga. Du vil vere ein del av kommunen sitt erfarne driftsteam.
Arbeidsoppgaver
Være delaktig innan drift- og vedlikehald av kommunens grøntarealer i Bykle og på Hovden.Teknisk drift og vedlikehald av enkelte av kommunens bygg eller bygg kommunen har driftansvar for.
Være med på vaktlag for isbanen på Hovden vinterstid.
Brøyting med minitraktor og noko anna vintervedlikehald rundt kommunens bygg.
Tilstandsvurderingar på eigne bygg / avviksrapportering
Oppfølging av IK-system
Hjelpe til med utarbeiding av drifts- og vedlikehaldsplanar.
Rapportering av utført ettersyn/vedlikehald av byggjeteknisk infrastruktur og periodiske kontrollar.
Utføre ettersyn av maskiner og utstyr på eget bygg.
Være ein del av team som legger til rette for gravferder på kyrkjegårder i Bykle og på Hovden for soknerådet. Eigen avtale og kompensasjon gjeld for dette.
Stillinga kan bli tillagt andre arbeidsoppgåver. Det blir utarbeidd stillingsomtale. Den tilsette må vere villig til å ha ansvar for lærlingar.
Kvalifikasjoner
Relevant fagbrev innan grøntarbeid og/eller innan byggdrift, tømrer, elektriker, ventilasjon eller røyrleggjar.Maskinførerbevis er ønskjeleg og vil vektleggjas, men er ikkje eit absoluttkrav.
Anna dokumentert relevant erfaring kan kompensere for fagbrev
Førarkort klasse B, det er ønskjeleg med førerkort klasse BE og T
Beherske dataverktøy og erfaring frå bruk av elektronisk kommunikasjonsverktøy
Den som tilsetjas må vere villig til å ta kurs/etterutdanning
Personlige egenskaper
Serviceinnstilt, fleksibel og ansvarsfullMålretta, systematisk, og løysingsorientert
Sjølvgåande, engasjert og beslutningslojal
Evne og vilje til teamarbeid
Gode evner til kommunikasjon og til å skape gode relasjonar
Har bevist forhald til helse, miljø og tryggleik
Personlege eigenskapar vektleggjas på lik linje med kvalifikasjoner.
Vi tilbyr
Løn ihh.t einkvar tid gjeldande tariff
God pensjons- og forsikringsordning
Flyttegodtgjersle etter eige reglement
Kommunen kan vere hjelpsam med å skaffe bustad
Bedriftsleilighet i Kristiansand
Moglegheit for etter- og vidareutdanning
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal leggjast inn i Webcruiter. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søkje stillinga.
Namnet på søkjarar blir vanlegvis offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit. Då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar!
Kontaktinformasjon
Eirik Birkeland, Tjenesteleder, 41687873Arbeidssted
Sarvsvegen 144754 Bykle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bykle kommuneReferansenr.: 4777311958
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.04.2024
Om bedriften
Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 21 mil til Kristiansand, 20 mil til Stavanger (sommartid) og 35 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er i Bykle, medan Hovden er eit stort turistsenter. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter. Mellom anna har vi alpinsenter, tilrettelagte langrennsløyper i nærområdet og i høgfjellet, golfbane og eit stort Badeland.
Bykle kommunen er organisert i to nivå: kommunedirektør med stab/støtteavdelingar og 7 tenesteeiningar, og har ca. 170 tilsette