Sjukepleiar
Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
1. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Synes du det høyrast spennande ut å jobbe med rehabilitering? Då er vi rette arbeidsstaden for deg.
Vi har ledig 80% svangerskapsvikariat fra snarast, og tom. 30. sept. 2025. Stillinga er i todelt turnus med jobb 3. kvar helg, ein må rekne med noke arbeid på natt.
Sengeposten er ein del av seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering som i tillegg til sengepost driv ambulante tenester og poliklinikk. Vi driv spesialisert rehabilitering med pasientar frå heile fylket. Pasientane som får tilbod om rehabilitering hos oss er personer med kompleks fysisk og/eller kognitiv funksjonsnedsetting som følge av skade/sjukdom i sentralnervesystemet, det perifere nervesystemet, multitraumer og amputasjonar.
Du vil bli ein del av eit tverrfagleg team med helsefagarbeidarar, legespesialistar, psykologspesialistar, logoped, sosionom, fysio- og ergoterapeutar som saman med pasientane kartlegg funksjon og lagar behandlingsplan. Vi har eit nært samarbeid med 1. linje tenesten ved utskrivingar. Seksjonen yter ambulante tenester og poliklinisk oppfølging før/etter/i staden for innlegging.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Og sjekk gjerne vår Instagram Fysmed_alesund_hmr.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
- Samarbeid med tverrfagleg team om oppgåver og behandling rundt pasientane
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Du har erfaring og kompetanse frå sengepostarbeid, gjerne erfaring innanfor rehabiliteringsfeltet
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er fleksibel, løysningsorientert og sjølvstendig
- Du er endringsvillig og har evne til å motivere dine kollegaer
- Du har gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du arbeider systematisk, og har gode arbeidsrutiner
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Eldbjørg Ramsvik, 70105738, eldbjorg.ramsvik@helse-mr.noGro Westnes Lindin, Assisterende seksjonsleiar, 70105740, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.no
Hanne Svejstrup Elde, Seksjonsleiar, +47 41248018, hanne.svejstrup.elde@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4876738633
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Startdato: 01.12.2024
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 17.11.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2777618
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bae1e6deb0c4474cb3a80ec197ad55b2