Fagkonsulent skule
I kommunalsjef oppvekst sin stab, er det frå 01.08.2024 ledig 100 % fast stilling som fagkonsulent skule. Arbeidsoppgåvene vil i hovudsak vere knytt til grunnskule og vaksenopplæring, men også andre oppgåver vil verte ein del av arbeidsoppgåvene.
Visjonen for sektor oppvekst er: Volda kommune har trygge barn, unge og vaksne som deltek, meistrar og lærer
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren.
For å kunne strekke oss mot visjonen treng vi trygge, tilgjengelege og kompetente tilsette. Dei tilsette må ha rett kompetanse, vere stabile, tydelege og venlege, samt kunne bidra til eit anerkjennande miljø som gir grobotn for vekst og utvikling.
Sektor oppvekst er ein lærande organisasjon der erfaringsdeling og kunnskaps- og ferdigheitsutvikling har stor merksemd.
Den som vert tilsett må kunne slutte seg til sektoren sine målsettingar.
Arbeidsoppgåver
Til stillinga er det lagt eit breitt og variert arbeidsområde, som mellom anna
- sakshandsaming til politiske utval
- koordinator for ivaretaking av barn og unge sine interesser i plansaker
- personvernkontakt i sektoren
- budsjett- og økonomiarbeid
- elevsaker
- personalarbeid
- rapportering og statistikk
- deltaking i tverrfaglege fagteam
Ved organisatoriske endringar, må den som vert tilsett vere budd på endring i arbeidsoppgåvene.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett må ha pedagogisk utdanning. Praksis frå grunnskulen vil vere ein fordel. Vidare er det ein fordel med vidareutdanning innan økonomi og administrasjon og/eller realkompetanse innanfor desse områda.
Den som vert tilsett
- må ha god skriftleg og munnleg framstillingsevne
- må ha gode digitale dugleikar, og meistre godt digitale verktøy
- bør ha erfaring frå kommunal sakshandsaming
- bør ha arbeidserfaring med personaladministrative oppgåver
- bør ha godt kjennskap til lov- og avtaleverk som SFS 2213, SFS 2201, HA, HTA og AML
Saman med formal- og realkompetanse, vert det lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Den som vert tilsett må kunne identifisere seg med og slutte seg til Volda kommune sin oppvekstplan og Volda kommune sine verdiar:
RAUS – MODIG – KOMPETENT - LÆRANDE
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- evne til å motivere og engasjere
- strukturert og planmessig
- sjølvstendig og initiativrik
- imøtekomande og omgjengeleg
- veremåte som medverkar til eit godt omdøme for Volda kommune
Vi tilbyr
- aktivt og godt arbeidsmiljø
- spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
- flexitid
- erfaringsdeling og god oppfølging
- gode forsikringsvilkår
- løn etter avtale
- pensjonsordning i KLP
Kontaktinformasjon
Per Ivar Kongsvik, Kommunalsjef, +47 90 53 67 57Arbeidsstad
Stormyra 26100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4789540793
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2024
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!