Pedagogisk leiar Vikedalen barnehage - 100 % vikariat
Stillingsomtale
Vi har ledig 100 % vikariat for pedagogisk leiar ved Vikedalen barnehage i perioden 01.05.2019 - 31.07.2020.
Vi oppmodar menn om å søkje stillinga.
Arbeidsstad
Vikedalen barnehage er ein 4-avdelings barnehage som ligg solrikt til i Vikedalen, med kort avstand til skog, fjell og elv.
Våre haldningar er tufta på barnehagens ABC (anerkjenne, bekrefte og se) i høve til både barn, foreldre og tilsette.
Innunder dette høyrer og kommunikasjon med som ein viktig faktor for eit godt arbeidsmiljø. Barnehagen har uteliv som
fokusområde, medan vår klare visjon er "Ingen problem, berre løysningar".
Andre sentrale fokusområder er samarbeid og fleksibilitet, barnet i sentrum, systemarbeid og heilskapstenking,
medan våre faglege tyngdepunkt er forankra i SOLID START SYKKYLVEN, Nyborgmodellen og BRAVO.
Krav til kompetanse
Barnehage-/førskulelærarutdanning eller anna relevant pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Søkjarar som ikkje oppfyller dei formelle kompetansekrava, men som har relevant pedagogisk praksis kan bli vurderte til stillinga.
Arbeidsoppgåver
Pedagogisk leiar har eit heilskapleg ansvar for planlegging og vurdering, dagleg omsorg for det enkelte barn, for
utvikling av det sosiale miljøet og læringsmiljøet i barnegruppa og for samarbeidet med barna sine foreldre.
Pedagogisk leiar har også rettleiingsansvar for resten av personalet samt medansvar for utvikling av barnehagen som
pedagogisk verksemd og barnehagen sitt samarbeid med andre tenesteområde.
Vi søkjer
- Ein person som er glad i å vere ute i all slags vér, og som kan inspirere andre til det same.
- Ein person som er undrande og utforskande i samspel med barn og vaksne.
- Ein person som har evner til å setje seg inn i, og bli ein aktiv medspelar i dei prosjekt som er etablerte i barnehagen,og
likedan som kan vere med på å initiere utvikling i tråd med dei planar og føringar som den pedagogiske leiinga legg. - Ein person som har evne og vilje til utvikling, både for eigen del og i høve til barnehagen som organisasjon.
Vi tilbyr
- moglegheit til kurs og eigenutvikling
- stengd barnehage i jul og påske
- obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- gode forsikringsordningar
- løn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverk
Spesielle krav til stillinga
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. barnehagelova § 19.
Søknad sendast
Sykkylven kommune nytter elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du sender elektronisk søknad.
Rettkjende kopiar av attestar og vitnemål må leggast fram ved ev. intervju eller tilsetting.
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar.