HR-rådgjevar
HR-seksjonen, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
HR-rådgjevar
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
1
Er du engasjert og kunnskapsrik innan personal og HR-faget? Ønskjer du å bruke kompetansen din til å gjere ein positiv skilnad i helsevesenet? Då kan du vere den vi treng på laget vårt!
Helse Møre og Romsdal er fylket sin største arbeidsgjevar og vår HR avdeling yter service av høg kvalitet innan HR, arbeidsrett og personalforvaltning til leiarane i føretaket. Vi skal bidra til å utvikle føretaket slik at vi kan møte morgondagen sine krav og rammer i spesialisthelsetenesta. HR-avdelinga består av HR-seksjonen og Bedriftshelsetjenesta.
Den ledige stillinga er i HR-seksjonen sitt rådgjevarteam. Hovudoppgåvene til dette teamet er leiarstøtte og rådgiving innan rekruttering, arbeidsrett, personalforvaltning, leiar- og organisasjonsutvikling samt arbeidsmiljø, nærvær og medvirkning. Vi har eit godt arbeidsmiljø der medarbeidarar med ulik bakgrunn og kompetanse utfyller kvarandre, deler kunnskap og samarbeider på tvers.
Vi søkjer etter HR-rådgjevar med brei kompetanse og erfaring frå HR sine fagområde. Vi ønskjer ein kollega som har kompetanse innan generell HR-rådgjeving, er endringsvillig og har eit innovativt tankesett som kan bidra til systematisk utvikling og forbedring av HR sine arbeidsfelt både operasjonelt, taktisk og strategisk.
Du skal vere ein ambassadør for helseføretaket sine kjerneverdiar som er tryggleik, kvalitet og respekt.
Arbeidsstad for dei fleste i HR-seksjonen er ved Ålesund sjukehus. Arbeidstaden kan delvis vere ved ulike institusjonar i fylket. Du må pårekne noko reising, til dømes mellom sjukehusa. Arbeidsstad kan avtalast.
Stillinga er ledig frå 1.november.
Arbeidsoppgåver
I denne stillinga vil du få høve til å bruke og utvikle kompetansen din innan:
- Rådgjeving og saksbehandling innan HR sine fagfelt rekruttering, kompetanse, nærvær og medvirkning, ressurstyring og leiarskap
- Rådgjeving og bistand etter gjeldande lovverk vedrørande arbeidsmiljø, konflikthandtering og personalsaker
- Opplæring, støtte og utvikling av leiarar og leiargrupper
- Systematisk samarbeid og forbetringsarbeid med andre stabseiningar
- Prosess- og prosjektleiing, samt prosjektdeltaking lokalt og regionalt i Helse Midt-Norge
Kvalifikasjonar
Du har følgande kompetanse som gjer deg i stand til å trivast og meistre oppgåvene:
- Relevant høgare utdanning, fortrinnsvis på masternivå
- Erfaring frå ulike HR-område og kunnskapar om relevante lover og regelverk
- Erfaring innan prossessfasilitering eller undervisning er ein fordel
- Kunnskap om organisasjonsutvikling, prosjektleiing og omstillingsprosessar
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Erfaring frå leiing eller helsetenesteorganissasjonar er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du likar ein arbeidskvardag prega av variasjon og sjølvstende, har god gjennomføringsevne og yter hjelp der det er behov
- Du blir omtala som ein lagspelar, god kollega og ein aktiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er ein pådrivar for forbetring og har interesse for prosesstenking
- Du har evne til å løyse komplekse problem på ein pragmatisk måte
- Du er engasjert, nysgjerrig og kunnskapsrik
- Du er svært dyktig til å spele andre gode gjennom samhandling
- Du har evne til å arbeide systematisk, sjølvstendig og strategisk
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Kollegaer som vil støtte deg slik at du lukkast
- Gode høve for fagleg og personleg utvikling
- Ein jobb som gir meining og bidreg til å skape pasientverdi
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter avtale
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige lån og forsikringsvilkår
Ver venleg å laste opp attestar og vitnemål i søknaden din. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt med HR-sjef Nina Cathrin Garshol.
Fylket vårt har uendeleg med mogelegheiter for naturopplevingar, og sjukehusbyane har eit særs rikt kultur- og konsertliv. Vil du lese meir om regionen vår kan du gå til Visit Møre og Romsdal
Kontaktinformasjon
Nina Cathrin Garshol, HR-sjef, +47 99 64 98 70Arbeidssted
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4828170667
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.07.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2679483
- Sist endret
29. juli 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f97e0f7596b64e23ba3bb696e6234925