Konsulent
Vanylven kommune
6143 Fiskå
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent
Oppstart
1. november 2024
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vanylven kommune er på jakt etter ein konsulent i 100 % som kan bistå kommunedirektøren med utarbeiding og oppfølging av politiske saker.
Kommunestyret har vedteke prioriteringar med eit høgt aktivitetsnivå dei neste åra. På bakgrunn av dette er det behov for å styrke kommunedirektøren sin stab.
Dersom du er rette kandidat for oss, kan vi tilby ein framoverlent arbeidsplass med kjekke kollega og godt arbeidsmiljø. Du vil sitte tett på kommuneleiinga og kunne vere med der beslutningane blir tatt.
Arbeidsoppgåver
- Saksbehandle og følgje opp politiske saker
- Planarbeid og plankoordineringarbeid
- Koordinering av eksterne ressursar
- Andre arbeidsoppåver kan verte tillagt stillinga
Kvalifikasjonar
- Relevant høgskule/universitetutdanning på bachelornivå
- Erfaring fra offentleg verksemd
- God generell IKT kunnskap
- God systemforståelse og kunne sette seg inn i relevant lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheter, god skriftleg og munnleg framstillingsevne (nynorsk)
- Stor arbeidskapasitet og gjennomførings- og omstillingsevne, samt evne til å jobbe strukturert, systematisk, analytisk og målretta
- Evne til å lytte og skape gode tillitsforhold
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Utfordrande arbeidsoppgåver
- Personleg utvikling og fagleg rettleiing
- Nedbetaling av studielån
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollega
- Tilsetjing på kommunale vilkår
- Kommunen har svært god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Andreas Chr Nørve, KommunedirektørArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4848890179
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.11.2024
Sluttdato: 30.10.2025
Søknadsfrist: 05.09.2024
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2725403
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1365867ecc854b2d8a88da6d6906016f