Juridisk seniorrådgjevar
Bømlo kommune
Bømlo
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Antall stillinger
1
Bømlo kommune søkjer juridisk rådgjevar/seniorrådgjevar med juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap. Du blir del av kommunedirektøren sin stab og får jobbe på tvers av alle einingane i kommunen. Bømlo kommune har 12 000 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu. Kommunen med sine 1000 tilsette er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.
Ansvarsområde:
Stillinga som juridisk rådgjevar inngår i kommunedirektøren sin stab og vil ha som oppgåve å jobbe på tvers av alle einingane i kommunen, og ha kontakt med leiarar og tilsette på ulike nivå. Som juridisk rådgjevar skal du bidra til at kommunen leverer tenester som fyller lova sine krav, bidra til å fremje rettssikkerheit, førebyggja tvistar og hjelpa med juridisk rådgjeving. Du vil skriva saksførelegg, i tillegg til å gje råd og utredningar til politiske saker.
Arbeidsoppgåver:
Juridisk rådgjeving innan alle relevante rettsområde
for kommunal forvaltning og drift
Tilsyn
Alminneleg og spesiell forvaltningsrett
Forbetringsarbeid, t.d. utvikling av delegasjonsreglement og andre rutinar
Avtale- og kontraktsrett
Personvern
Bidra til kompetanseutvikling internt
Leiarstøtte
Kvalifikasjonar:
Juridisk embetseksamen/master i rettsvitskap
Erfaring frå offentleg verksemd eller anna relevant erfaring
Personlege eigenskapar:
Me ser etter deg som trivst med ein hektisk kvardag og som evnar å prioritere det som er viktigast. Du har fagleg tyngde, jobbar godt både i team og åleine, er serviceinnstilt og bidreg til samhandling på tvers av organisasjonen. Du har gode skriftlege og munnlege evner. Du er analytisk og bidrar til refleksjon rundt eige fagfelt i kollegiet. Personlege eigenskapar vil bli lagt vekt på.
Me tilbyr:
Ein spanande jobb med varierte arbeidsoppgåver
Fleksibel arbeidstid
Konkurransedyktige løns- og avtalevilkår
Medlemskap i kommunen sine pensjons- og forsikringsordningar
Dersom du har spørsmål til stillinga kan du ta kontakt med personalsjef Vanja Espeland - 480 17 825.
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
708290
- Sist endret
5. oktober 2020
- Hentet fra
bomlo.kommune
- Referanse
235189