Helsefagarbeidar - 100% fast, Radøy Velferdssenter
Alver kommune
Idrettsvegen 2, 5936 Manger
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vi har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar med todelt turnus. Stillinga har arbeid kvar 3. helg, eller mulighet for langvakter både i vekedagene og på kvar 4.helg.
Radøy Velferdssenter
Velferdssenteret er ein av fire sjukeheimar i Alver Kommune, og ligg 2 mil frå Knarvik. Sjukeheimen har plass til 38 pasientar. Sjukeheimen er inndelt i fire grupper, der to av dei er tilpassa for personar med demens. Vi har ei korttidsgruppe med plass til sju pasientar, der tre av dei er for pasienter med behov for palliativ tilnærming. Den største gruppa har plass til 17 pasientar som er somatisk sjuk.
Som helsefagarbeidar hos oss vert du ein del av eit godt fagmiljø der vi har fokus på «kva er viktig for deg». Du vil få kollegaer med glimt i auge, og ein arbeidskvardag der latteren ofte sit laust.
Velferdssenteret deltar i TØRN-prosjekt på vegne av Alver kommune. Vi har jobba med oppgåvedeling og tenestestyrt bemanning.
Er du klar for ein jobb der du gjer ein forskjell i kvardagen til andre? Vi har no ei ledig stilling som helsefagarbeidar, og vi håpar at akkurat DU vil bli ein del av teamet vårt. Hos oss får du høve til å vere med og påverke arbeidskvardagen din, og vi set pris på ditt engasjement og faglege bidrag.
Er du vår nye kollega?
Arbeidsoppgåver
- Gi pleie og omsorg til våre pasientar i tråd med deira behov
- Bidra til å skape ein trygg og god kvardag for dei eldre
- Bidra til eit trygt, godt og inkluderande miljø
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre faggruppar
- Utføre helsefremjande og førebyggjande arbeid
- Dokumentasjon jfr helsepersonelloven
- Medikamenthandtering
Kven er du?
På Velferdssenteret ønskjer vi oss ein helsefagarbeidar som:
- Er fleksibel, løsningsorientert og klar for å bidra til et godt arbeidsmiljø
- Har fagleg fokus og deler sin kompetanse med kolleger og studenter
- Ønsker å være en viktig del av eit team der du blir verdsatt for den jobben du gjer
- Har eit stort hjarte for mennesker og sjår verdien i å gje våre eldre ei trygg og god kvardag
Kompetansekrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar ( eller anna relevant helsefagleg utdanning)
- Du må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team
- Positiv og omsorgsfull med eit genuint engasjement for eldreomsorg og evne til å skape gode relasjonar
- Gode kommunikasjonsevnar, både muntleg og skriftleg
Vi tilbyr
- Fagleg spennande arbeid
- Årsturnus
- Varierte arbeidsoppgåver
- Fokus på medverknad og utvikling
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi er Alver
Bli kjent med Alver kommune
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 4 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har totalt 175 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted