Brannkonstabel / røykdykker - deltid
Er du interessert i å jobbe deltid som røykdykkar og brannkonstabel i Sykkylven? Dersom du har eit ønske om å vere ein av våre kollegaer i brannvernet, då er dette ei stilling du bør søke på.
Sykkylven brann og redning har 4 vaktlag med 5 brannkonstablar på kvart vaktlag. Ein brannkonstabel deltid har heimevakt og vert utstyrt med nødnettradio. Brann- og redningskorpset tilbyr moderne brannstasjon med særs gode arbeidsforhold. Det er spennande og allsidige arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og god kompetanseutvikling.
Etter tilsetting vert det gitt obligatorisk utdanning.
Søkjaren må vere fylt 18 år, ha førarkort og disponere bil.
Det er krav til godkjenning av fysisk og medisinsk kapasitet etter forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utførelse av arbeid) § 3-27. Og Arbeidstilsynets veiledning for helseundersøking og tester av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkere blir brukt for å stette krava
- www.arbeidstilsynet.no/tema/kjemikalier/royk-og-kjemikaliedykking/helseundersokelse-for-royk-og-kjemikaliedykkere/
Alle som har lyst til å prøve seg som brannkonstabel oppfordrast til å søkje. Brannvernet ønskjer mangfald og vil spesielt at kvinner søkjer på stillingane.
Arbeidsoppgåver
- Delta i akutte oppgåver som brannsløkking, røykdykking, rednings- og helseoppdrag
- Delta i samfunnskritiske aksjonar i lag med helse og politi
- Delta på øvingar og opplæring i samsvar med oppsett øvingsplan
Kvalifikasjonar
- Førarkort klasse B. Ønskeleg også med BE, C1 eller C
- Bustad og arbeidsplass med maks 7 minutt køyretid til brannstasjonen
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
- Bestått fysisk og medisinsk test etter gjeldande krav frå Arbeidstilsynet
- Stillinga har krav til kompetanse. Tilsettinga er på vilkår om at ein gjennomføre brann og redningsskolens grunnkurs for deltidspersonell innan to år. https://www.brsk.no/kurs-og-videreutdanning/deltidskurs/grunnkurs-for-deltidspersonell/. Opplæring vil bli gitt
- Godkjenning frå arbeidsgivar om å kunne rykke ut ved alarm, samt delta på kurs
- Fagbrev i yrkesfag kan bli vektlagt
- Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 18
Personlege eigenskapar
- God psykisk helse
- Kunne arbeide i høgde, tronge rom og i vatten
- Eigenskap til å halde roa i stressande og farlege situasjonar
- Må samarbeide godt i lag med kollegaer og kunne la seg leie av overordna
- Må kunne arbeide etter gjeldande rutinar og prosedyrar, med stort fokus på HMS
Vi tilbyr
- Godt arbeidsmiljø og god kompetanseutvikling
- Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.
Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.
Kontaktinformasjon
Oddmund Grebstad, Brannsjef, +47 90928140, oddmund.grebstad@sykkylven.kommune.noGjermund Eidem, Brannmester, +47 91596300, gjermund.eidem@sykkylven.kommune.no
Kristian Trandal, Teknisk sjef, +47 47719661, kristian.trandal@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Haugsetvegen 416230 Sykkylven
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sykkylven kommuneReferansenr.: 4790264837
Stillingsprosent: 2,02%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 630 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Kommunen og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i kommunen si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er kommunen sin visjon.
Sykkylven er i Randersboka skildra som kanskje den finaste av alle sunnmørske kommuner. Vi har eit fantastiske turterreng for allsidig friluftsliv alle årstider, og vi har eit rikt og variert kulturliv.
Sjå meir frå Sykkylven her