Vil du bli del av Bømlo kulturhus sitt vertskap?
Bømlo Kulturhus Kf
Kulturhusvegen 20, 5430 Bremnes, Bømlo
Om jobben
Stillingstittel
Vertskap
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidstid
Vakt, kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Bømlo kulturhus har ledig stillingsom kulturhusvert
Kulturhusvert har ansvar for å yte god service og sørge for at gjestene våre har ei fantastisk oppleving i Bømlo kulturhus.
Me ser etter deg som er engasjert, sosial og utadvent, som likar å møte publikum, kollegaer og artistar med eit smil.
Du må vere nysgjerrig på kunst og kultur og like å snakke med andre om det. Dette krev gode skriftlege og munnlege framføringsevner, samt kjennskap til bruk og trendar innan sosiale media.
Du må synast det er spanande å skape aktivitetar rundt filmpremierar og arrangement, like å jobbe sjølvstendig og kome med eigne initiativ. For den rette kandidaten er det gode utviklingsmogelegheitar.
Vertskap står for sal av billettar og kioskvarer, innlån og utlån av bøker for biblioteket, held salar og publikumsområde reine, oppdatere publikum om kva som skjer gjennom sosiale media, lagar meiroppleving rundt film- og scenearrangement, administrerer innslepp, handterer kasseomsetning, sikrar tryggleik for publikum og gjer det vesle ekstra for at opplevinga i Bømlo kulturhus skal bli bra.
Du må like å ha det reint og ryddig rundt deg, vere ein god lagspelar, fleksibel på oppgåver og gjere det som trengst for å komme i mål.
Vertskapet har uniform.
Om bedriften
Bømlo kulturhus er scene, kino, bibliotek, kulturskule, kunstutstilling, konferansesal, kafé. Kulturhuset har over 80 000 besøkande i løpet av eit år, og vertskapet tek vare på publikum, artistar, kulturskuleelevar og gjester som vitjar kulturhuset.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2129927
- Sist endret
10. oktober 2022
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c54f2e5e-464e-4b9e-b818-6f181e45a925