Rektor
Vi søker etter ein engasjert leiar som vil vidareutvikle skulen saman med elevar og medarbeidarar!
Ved Herøy vidaregåande skule har vi eit engasjert og spanande læringsmiljø med om lag 280 elevar. Vi er opptekne av at alle elevar skal verte sett, og visjonen speglar dei verdiane vi ønskjer å bygge på: Tryggleik, toleranse, tillit, trivsel, respekt, humør, kvalitet og meistring. Til saman skaper dette ei god plattform for det vi driv med: læring.
Du vil vere skulen sin øvste pedagogiske og administrative leiar og ha overordna ansvar for elevane si opplæring.
Arbeidsoppgåver
- å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevar og medarbeidarar
- utvikling av skulen som organisasjon
- utvikling av lærings-, samhandlings- og delingskulturen på skulen og i fylkeskommunen
- vidareutvikling av heile utdanningssektoren og fylkeskommunen sitt regionale utviklingsarbeid
- oppfølging av nasjonale og fylkeskommunale planar, strategiar og målsettingar
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning, leiarutdanning og pedagogisk kompetanse
- leiarerfaring
- god innsikt i vidaregåande opplæring og skuledrift
Personlege eigenskapar
Vår nye rektor
- har eit positivt og konstruktivt elev- og læringssyn
- er utviklingsorientert, tydeleg og samlande
- har evne til å motivere, stille krav og gi tilbakemelding
- har gode kommunikasjonsevner og evne til å skape gode relasjonar og arbeidsglede
- kan bidra til å bygge nettverk både eksternt og internt
- ønsker å utvikle skulen som organisasjon og som er engasjert i lokalt samfunns- og næringsliv
Vi tilbyr
- ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Kariann Flovikholm, Kompetansesjef, 90184384, kariann.d.flovikholm@mrfylke.noErik Brekken, Kompetanse- og næringsdirektør, 48131291, erik.brekken@mrfylke.no
Arbeidsstad
Lisjebøveien 46091 FOSNAVÅG
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4778719579
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Møre og Romsdal fylkeskommune er opptatt av mangfald, og vi oppfordrar derfor alle som er kvalifiserte til å søke hos oss. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
For deg som får tilbod om stilling med arbeidsstad i skole og tannhelsetenesta er det krav om politiattest.
Dersom du ønsker at søknaden din skal bli behandla konfidensielt, gjer vi deg merksam på at opplysningane likevel kan bli gjort offentleg. Du vil då få tilsendt informasjon om dette jf. offentleglova § 25.
Om skolen (heroy.vgs.no) | Utdanningstilbod (heroy.vgs.no)