Flyktningkonsulent - Haram kommune, Tiltakstenester for barn og unge
I Haram bur menneske frå mange nasjonar. Mange kjem som arbeidsinnvandrarar, andre kjem som flyktningar eller som følge av familiegjenforening. For å kunne hjelpe våre nye innbyggarar raskare i gang med livet i kommunen oppretta vi frå 01.08.2017 ei integreringsavdeling. I avdelinga har vi fokus på generell informasjon og støtte til nye innbyggarar, samt samordning av norskopplæring, introduksjonsprogram og styrking av tverretatleg samhandling generelt.
Vi har no ledig stilling i integreringsavdelinga, og lyser med dette ut 100% fast stilling som flyktningskonsulent.
Vi ønsker eit velfungerande tverrfagleg team som saman skal løyse felles oppgåver, og ønsker derfor medarbeidarar med ulik kompetanse, som kan utfylle kvarandre til beste for målgruppa. Arbeidsoppgåvene er utfordrande og varierte, i eit tverrfagleg miljø i stadig utvikling og med ambisjonar om å vere proaktive innan fagfeltet.
Førarkort kl. B vert krevd, og tilsette må disponere bil til tenestekøyring. Ved tilsetting må politiattest av ny dato framleggast. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju, individuelt eller i gruppe, og referansar vil bli kontakta. Det vil bli lagt vekt på om søkjar er personleg eigna for stillinga.
Tilsetting på vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
Arbeidsoppgåver
- Busetting
- Programrådgiving
- Undervisning
- Andre oppgåver som måtte kome til
Kvalifikasjonar
- gjennomgått og bestått relevant 3-årig høgskuleutdanning
- erfaring frå mottakog oppfølging av flyktningar
- erfaring med forpliktande samhandling på tvers av fag
- skriv og snakkar godt norsk
Utdanningsretning
- Pedagogikk
- Medisin/Helse/Sosialfag
Utdanningsnivå
- Høyskole/Universitet, Diplom/Bachelorgrad
- Høyskole/Universitet
Personlege Eigenskapar
- har evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- er positiv, utviklingsorientert, fleksibel og har vilje og evne til samarbeid
- er aktiv bidragsytarar til eit triveleg og sosialt arbeidsmiljø
Språk
- Norsk
Vi tilbyr
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Nicolaas Kippenbroeck, dagleg leiar, 70207500, nicolaas.kippenbroeck@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Haram kommune, Tiltakstenester for barn og unge
Ref. nr.:4045259494
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Startdato: 01.06.2019
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4045259494&company_id=3191456903&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
.