Fast helgestilling
Psykiatrisk klinikk/ Psykiatrisk akuttmottak/ Seksjon PAM2, Helse Bergen
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Fast helgestilling ved PAM2
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Psykiatrisk akuttmottak består av ei mottakseining og 2 sengepostar, og er lokalisert ved Sandviken sjukehus. Psykiatrisk akuttmottak (PAM) gjev akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. Tilbodet i PAM består av akutt allmennpsykiatrisk vurdering, diagnostisering, behandling og pleie.
Opphaldet i PAM er av kort varigheit (1 til 5 dagar). Etter endt opphald i PAM blir pasienten overført til andre sjukehusavdelingar eller utskriven med oppfølging frå eit distriktspsykiatrisk senter eller frå kommunehelsetenesta. PAM tar imot både pasientar som frivillig ønsker behandling og pasientar som er underlagd tvungen psykisk helsevern.
På sengepostane (PAM 1/PAM 2) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Målsettinga er å gje raske og fagleg kompetente vurderingar som kan danne eit grunnlag for vidare diagnostikk og behandling. PAM 2 er ein lukka post med 10 sengeplassar og skjerma eining. Tverrfagleg team består av spesialsjukepleiarar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, sosionom, lege, psykiater og psykologspesialist.
Vi har no ledig faste helgestillingar med arbeid pt på dag/kveld.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta kvar enkelt pasient
- Tverrfagleg teamarbeid ift. observasjon, vurdering og behandling
- Planlegge og sette i verk miljøtiltak
- Samarbeid med andre avdelingar om vidare behandling i sjukehuset, samt DPS og kommune ved utskriving
- Pårørandearbeid
- Praktisk arbeid
Kvalifikasjonar
- For sjukepleiar/ vernepleiar/ hjelpepleiar er det krav om norsk autorisasjon
- Studentar innan helsefag
- Erfaring frå akuttpsykiatri vil vere ein fordel
- Må ha grunnleggande IKT-kompetanse
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, så som evne til samarbeid
- Ansvarsbevisst
- Interesse for sjukepleie som fag
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Pasientorientert
- Gode kommunikasjonseevner
- Ha respekt for kvar enkelt pasient
- Vere ein god teamarbeidar
- Serviceinnstilt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Urd Hege Loftesnes, Seksjonsleiar, 55956422Arbeidsstad
Sandviksleitet 15036 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4852966805
Stillingsprosent: 15%
Fast
Søknadsfrist: 12.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2731274
- Hentet fra
talentech
- Referanse
271cf747444e458388dddbcdee000b33