Ledige stillingar i barnehagane i Seljord, fast og mellombels frå barnehageåret 2024/2025
Pedagogisk leiar, barnehagelærar
Det er ledige stillingar som pedagogisk leiar, barnehagelærar i barnehagane i Seljord. Oppstart 1.august.
Barne- og ungdomsarbeider, assistent
Det er ledige stillingar som barne- og ungdomsarbeider, assistent i barnehagane i Seljord. Oppstart 1.august.
For stillingane gjeld:
Det vil bli lagt vekt på faglege kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og gode samarbeidsevner. Erfaring frå arbeid i barnehage er ynskjeleg.
Nyutdanna nytilsette barnehagelærarar får rettleiing i 2 år.
Barnehagane i Seljord
Barnehagane i Seljord har fokus på å skape psykisk helsefremjande miljø for barna. Arbeidet vårt tar utgangspunkt i barnas rettar. Kjernen i arbeidet er tilknyting og gode relasjonar i tett samarbeid med foreldra. Det er foreldra og dei tilsette sitt ansvar å ta val til det beste for barna. Vala vi tek påverkar barnet her og nå, og seinare i livet. Barna skal ha tilsette som støttar og utfordrar dei i leiken. Leiken er barnehagebarns danningsarena og barnehagane har fokus på inkluderande leikemiljø. Vi har eit samarbeid med STYD kommunikasjon i dette arbeidet.
Vi tilbyr
• Løn etter Hovudtariffavtala
• Pensjon via KLP/SPK
• IA-bedrift
Dei som får tilbod om stillinga må vise gyldig politiattest før tilsetting.
Vi vurderer berre søknader som kjem elektronisk via portalen på www.seljord.kommune.no. Utdanning og arbeidserfaring må registrerast i skjemaløysinga slik at informasjonen kjem med på utvida søkjarliste.
Om bedriften
Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Kommunen har er eit godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, 2 grunnskular, folkehøgskule, kulturskule, symjehall, kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.