Vil du vere med å ta Vest-Telemark inn i framtida?
Arbeidsområde Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkeltsaker, rettleiing av fag- og profesjonsgrupper og klinisk arbeid. Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom dei psykologane som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen. Søkjarar må ha førarkort og disponere bil. Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Vi kan tilby
Som tilsett vil du få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk i regi av spesialisthelsetenesta og/eller psykologar i andre kommunar samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Vi tilbyr konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns- og allmennpsykologi.