Vil du bruka sommaren i Noregs vakraste kommunar?
Porten AS
Øvre Årdal eller Sogndal, 6884 Øvre Årdal, Hybridkontor
Om jobben
Porten har nyleg blitt ein del av Polaris Media Nordvestlandet, og går spennande tider i møte. Me jaktar ein dreven ferievikar som kan bidra inn i redaksjonen i sommar. Anten du kjem inn med bakgrunn som journalist, eller har ei skrivespire i deg som har lyst å lære meir om korleis ein jobbar i ein nyheitsredaksjon, så kan du fort vere den me ser etter.
Me tilbyr både grundig opplæring og tett oppfølging for dei som kjem inn i redaksjonen.
Ønskjer du å prøve deg som journalist i eit spennande nyheitsjagande team, i ein ung redaksjon med høgt tempo?
Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Hva vi ser etter
Me ser etter du som:
- Likar å skrive og har interesse for foto
- Trivst med tempo, jobbar effektivt og presist
- Er allsidig og nysgjerrig
- Er oppteken av nyheitsbiletet og kva som engasjerer samfunnet lokalt.
- Er lærevillig og tilpassingsdyktig
- Skriv nynorsk
Det er ein fordel om du har førarkort, men ikkje krav.
Arbeidsoppgaver
Me er ein ung og hardtarbeidande redaksjon, som likar travle dagar. Porten dekkjer i hovedsak Årdal, Lærdal, Aurland, Luster og Sogndal, og du må rekne med å vere tilstades på ulike arrangement i Sogn. Du må rekne med å jobbe noko turnus og helg etter behov.
Hovudkontoret vårt ligg i Øvre Årdal og me har eit avdelingskontor i Sogndal.
Vi tilbyr
Gode og fleksible arbeidstider.
Ungt arbeidsmiljø.
Kontorplass både i Øvre Årdal og Sogndal.
Firmabilar.
God oppfølging.
Utstyr som trengst.
Om bedriften
Porten.no er ei heildigital, uavhengig regionalavis for Indre Sogn. Avisa har kontor i Årdal og Sogndal.
Me er i stadig utvikling, og har nyleg blitt ein del av Polaris Media.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2624700
- Sist endret
17. april 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c450ad69-c251-471e-aa6b-3b406479a5bb