ID 2279 Rektor - Vaksenopplæringa
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rektor,, einingsleiar
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Vaksenopplæringa (VO) har ansvar for opplæring etter integreringslova med norsk og samfunnskunnskap for framandspråklege, og opplæringslova med FOV, førebuande opplæring for vaksne (grunnskuleopplæring), vurdering av realkompetanse og i enkelte høve ITO, individuelt tilrettelagt opplæring (tidlegare kalla spesialundervisning). VO har i dag om lag 250 elevar og 18 tilsette.
Vaksenopplæringa i Stord kommune har ledig 100 % fast stilling som rektor fom 01.08.25. Me søkjer ein leiar som-
vil utvikla og leia det pedagogiske arbeidet på skulen i samarbeid med elevar, lærarar og andre tilsette gjennom godt partssamarbeid
-
er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein sett.
-
har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for vaksenopplæringa og kommunen sine plikter i medhald av desse
-
har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner
-
er truverdig, engasjert og samlande og gjer relevante val
-
er positiv, initiativrik og strukturert
-
veit korleis ein skal byggja god organisasjonskultur og praktiserer relasjonsleiing
-
har evne til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø
-
involverer seg i skulekvardagen på eigen skule og i Stord kommune
Søkjarane må ha pedagogisk utdanning og praksis. Kommunen legg til grunn dei sentralt vedtekne krava om kompetanse. Personlege eigenskapar, kompetanse og erfaring innan administrasjon og leiing, samt ev anna relevant erfaring og praksis vert lagt vekt på. Den som vert tilsett må leggja fram politiattest, jf. Opplæringslova § 17-11.
Stord er ein to-nivå--kommune, og rektor har vide fullmakter innan vedtekne rammer. I tillegg til det faglege og pedagogiske ansvaret, har einingsleiar/ rektor og ansvar for drift og økonomi. Einingsleiar/ rapporterer til kommunedirektør v/ kommunalsjef, og har leiaravtale med kommunalsjefen der rettar, plikter og mål vert omtala.
Rektor har det faglege og pedagogiske ansvaret for undervisninga, samt ansvar for oppfølging av dei tilsette. Det vil bli venta at ein har god oversikt over budsjett og økonomi for eininga.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.
Dersom søkjar ønsker å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ønske om reservasjon ikkje vert teke til følgje.
Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til kommunalsjef Mariann Jacobsen Hilt tlf. 41 41 65 03, eller rektor Steinar Rosset, tlf. 90128267.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er kommunikasjons- og regionsenter i Sunnhordland, og ligg sentralt mellom Bergen og Stavanger. Stord er ein utviklingsorientert industrikommune med ein maritim sektor som er verdsleiande m.a. når det gjeld å utvikle grøne løysingar. Kommunen har ambisjonar som ein attraktiv vekstkommune under visjonen <<Saman om utvikling og velferd>>, og har mål om å bli nullutsleppskommune innan 2030. Stord har mange og varierte tilbod innanfor privat og offentleg tenesteyting, handel og undervisning, idrett, kultur og friluftsliv. Kommunen har nær 19.000 innbyggjarar.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2848361
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
c4167588-2735-455a-a108-c2698c8f2ad8