100% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 2. januar
100% stilling som pedagogisk leiar i Rabben barnehage
Stillinga er ledig frå 1. desember 2024
Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår! Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.
Vi ynskjer oss ein pedagogisk leiar som er engasjert på vegne av barna. Du likar å samarbeide med andre, har evne til å skape gode relasjoner, jobbe systematisk, sjølvstendig og ta ansvar. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg faglig. I tillegg er du digitalt kompetent og oppdatert og ynskjer å bidra og vere ein pådrivar til eit godt arbeidmiljø.
Arbeidsoppgåver:
Som pedagogisk leiar har du ansvar for
barna sin trivsel og utvikling i det daglige arbeidet med barna.
å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet på avdelinga i samsvar med gjeldande lovverk
å medverka til eit godt arbeidsmiljø
å leggja til rette for eit godt foreldresamarbeid.
å vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.
at barn med spesielle behov vert integrerte i barnehagen, og har nytte av barnehagetilbodet
gje pedagogisk rettleiing på avdelinga
tverrfagleg samabeid med ulike instansar
Kvalifikasjonar
Utdanning: Barnehagelærerutdanning, andre søkarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.
Erfaring er ynskjeleg
Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
Digitale kunnskaper
Personlege eigenskapar- og interesse for faget vert sterkt vektlagt.
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Krav om politiattest ikkje eldre enn 3 mnd
Godkjent tuberkulinstatus
Me tilbyr:
etter 1 år som barnehagelærer får ein utbetalt kr 30.000,-
etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Rekrutteringsavtale
Pedagogisk leiar tillegg: kr 36.000,-
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2813614
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3441709_193977_nn