Jobbspesialist
Me søkjer ein motivert jobbspesialist med stort pågangsmot som vil jobba i eit innovativt og nyskapande miljø. Har du gode kommunikasjonsevner
og er ein nettverksbyggjar som vil jobba med rekruttering? Trur du på at alle
menneske, trass i psykiske og fysiske helseplagar, kan få ein
ordinær jobb eller ta utdanning?
Teamet «Arbeid med støtte» i region Nav Voss og Hardanger er i vekst, og me har no ledig ei fast stilling som jobbspesialist. Teamet dekkjer
kommunane Voss, Vaksdal, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang og Kvam. Arbeidstad er NAV
Voss, og reiser rundt i regionen må påreknast. Dei tre andre jobbspesialistane er tilsette ved NAV Ullensvang, Nav Kvam og NAV Voss.
«Arbeid med støtte» er eit tiltak i NAV som inneber tett oppfølging av arbeidssøkjarar og mykje utetid hjå arbeidsgjevarar. Du vil ha
ansvar for din eigen portefølje og jobba etter Supported
Employment-metodikk. Hovudmålet for arbeidet er å få jobbsøkjarane dine
til å bli verande i ordinært, lønna arbeid over tid eller ta utdanning. Sjølv om
du følgjer ein fastlagt arbeidsmetodikk med tydelege krav, har du stor friheit
i planlegging og gjennomføring av eigen arbeidskvardag.
Du vil få gode moglegheiter for fagleg og personleg utviklig og støtte både i
teamet ditt og frå rettleiarane ved dei enkelte NAV kontora. Hos oss får du meiningsfylte og utfordrande oppgåver der du bidreg til at fleire kjem i ordinært arbeid og utdanning.
Om du tenkjer dette er ein jobb for deg oppmodar vi deg til å søkje, og fortel gjerne korleis du kan bidra i denne stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Individuelt tilpassa oppfølging av inntil 20 arbeidssøkjarar
- Identifisere arbeidssøkjar sine interesser, ferdigheiter og evner, og kopla dei til rett arbeidsgjevar eller studiar
- Karriererettleiing
- Byggja nettverk gjennom å oppsøkja verksemder, skapa dialog og relasjon med arbeidsgjevarar
- Engasjera og motivera både arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar
- Aktivt bidra til å nå målkrava våre om 65% overgang til arbeid
- Dokumentera i fagsystem
- Nokre av kandidatane kan ha mål om utdanning/fagbrev. Rettleiing og støtte inn i læreplass og samarbeid med opplæringskontor og bedrift vil då inngå i oppfølginga.
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- høgare utdanning på minimum bachelornivå. Aktuelle utdanningar kan til dømes vere helse- og sosialfagleg, samfunnsfagleg eller pedagogisk utdanning. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
- god digital kompetanse
- gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- førarkort klasse B
Det er ynskjeleg at du:
- har erfaring som jobbspesialist og/eller med rettleiing
- har kjennskap til Supported Employment (opplæring vil bli gitt)
- har kunnskap om arbeidsmarkanden i regionen
Vi ser etter deg som
- Har gode samarbeidsevner
- Er inkluderande og ein relasjonsbyggjar
- Er sjølvstendig og ynskjer å bidra til at teamet oppnår resultat i fellesskap
- Er løysingsorientert og har høg gjennomføringsevne
- Er god til å motivere og engasjera
Vi tilbyr
- Moglegheit for å forme eigen arbeidskvardag
- Støtte frå teamet i jamlege fagmøter med casedrøftingar
- Eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar
- Spennande møter med interessante arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar
- Fleksitidsordning og treningstime i arbeidstida
- Tilsetjing i stillingskode 1434 rådgjevar med lønspenn frå kr. 557 100 - 594 5000 per år (tilsvarande ltr. 57 - 61). For særskilt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
- God pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse (frå løna blir det trekt 2%)
Kontaktinformasjon
Cathrine Seim-Haugen, Avdelingsleiar , 91393284, cathrine.seim-haugen@nav.noArbeidsstad
Gurid Almenningens Plass 15700 Vossevangen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NAVReferansenr.: 4786338264
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.04.2024
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling