ID 1855 Helgestillingar - Knutsaåsen omsorgssenter
Er du glad i eldre mennesker og har tid og lyst til å jobbe i ein meningsfull jobb. Vil du vera med å gi dei som bur på Knutsaåsen omsorgssenter ein god og trygg kvardag? På Knutsaåsen omsorgssenter er det 46 rom, organisert som omsorgsbustader.
Vår visjon er kultur, trivsel og omsorg i kvardagen.Ved Knutsaåsen omsorgssenter arbeider me for å skapa tryggleik og trivsel i eit positivt miljø, for både pasientar og tilsette. Me har god fagdekning og eit godt arbeidsmiljø.
Me har ledig fleire helgestillingar i storleiken ca. 13-17%, med dag- og kveldsvakter kvar 2 eller 3 helg.
Du treng ikkje ha formell utdanning innan helse, men du må ha lyst og vera villig til å læra. Me kan tilby god opplæring slik at du kan kjenne deg trygg saman med gode kollega.
Ta gjerne kontakt med avdelingsleiarane Lidveig Stubhaug telefon 534 54334 og Randi Henriksen telefon 534 54344. søknadsfrist 21 mai 2022
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.