Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Avdeling for eldremedisin Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/helsefagarbeidar
Oppstart
2. januar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Vil du bli vår nye kollega?
Me har ledig 2 helgestillinger på 20% på dag/kveld for sjukepleiar/sjukepleiarstudent/helsefagarbeidar på vår geriatriske sengepost. Stillinga kan utvidast med arbeid som ringevikar, eller andre vikariater ved planlagt fråvær (permisjonar) og ferieavvikling.
Hos oss møter du faglege dyktige kolleger som har fokus på tverrfaglegheit, best mogleg behandling og omsorg for pasienten der heile menneske står sentralt. Hjå oss blir både pasienten og kollegaer sett og høyrd.
Geriatrisk sengepost har 8 heildøgnsplassar og er ei spesialeining der vi kartlegg og utgreier pasientar med eit samansatt sjukdomsbilde. Me tek imot pasientar for utgreiing av fallrisiko, svimmelhet, hukommelsesvanskar, akutt forvirring, akutt funksjonssvikt, infeksjonssjukdommar, polyfarmasi, ernæringsproblem, og andre generelle medisinske sjukdommar og tilstandar. Sengeposten dekker heile Helse Fonnas opptaksområde.
Sengeposten inngår i avdeling for eldremedisin som består av 3 sengepostar og 2 poliklinikkar.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie og pleie-/serviceoppgåver til inneliggjande pasientar med behov for behandling og observasjon
- Koordinere og delta i pasientforløp
- Bidra i rettleiing av studentar og nye kollegaer
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar, sjukepleiarstudentar er hjarteleg velkomne som søkjar (2. eller 3. året)
- Helsefagarbeidarar med erfaring kan søkje
- Sjukehuserfaring og/eller relevant klinisk erfaring
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er god på teamarbeid og på å skape eit godt lærings- og ytringsklima
- tek initiativ og engasjerer deg i arbeidet
- er ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere mellom oppgåver
- viser fleksibilitet og er sjølvgåande
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
- Spennande arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgaver
- Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året
- Fagleg og personleg utvikling
- Kursdagar i turnus
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Doreen Halleland, Avdelingsleiar, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4890009601
Stillingsprosent: 20%
Fast
Startdato: 02.01.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2806374
- Hentet fra
talentech
- Referanse
186e5a445fe54f7eada2210f8e89acc4