Sjukepleiar
Vanylven kommune søkjer sjukepleiarar ved Avd 3 på Vanylven Helse og Omsorgssenter. Vi har ledig 2 x 100% stilling Sjukepleiar for fast tilsetting.
Ynskjer du ein spennande og meiningsfull jobb med høve til fagutvikling i eit utviklingsorientert miljø er dette jobben for deg!
Avdeling 3 er ei langtidsavdeling med 26 plassar. Fordelt på tre grupper.
Her er bebuarar med komplekse og samansatte diagnoser.
Som sjukepleiar på avd 3 jobbar du med demens, kliniske sjukdommar og palliativ behandling i livets sluttfase.
Jobben inneber tett samarbeid både tverrfagleg og tverrprofesjonelt, med brukarar og pårørande, i tillegg til tett samarbeid med dei andre avdelingane på Vanylven helse- og omsorgssenter.
Som sjukepleiar hos oss har du høve til å vere med å utvikle din eigen arbeidsplass og bidra til koordinering av tenestene vi yter.
Vi har god sjukepleiarfagleg kompetanse og har fokus på både individuell og kollektiv utvikling.
Arbeidet inneber pr idag tredelt turnus med vakter på dag og kveld og natt, med arbeid kvar tredje helg eller todelt turnus med vakter på dag og kveld, med arbeid kvar tredje helg. Turnus kan tilrettelaggjast etter behov så langt det let seg gjere. Det kan vere mulig med langvakter og komprimert turnus. I løpet av 2024 blir det planlagt årsturnus/ønsketurnus, noko som vil skape forutsigbarheit for deg som arbeidstakar. Stillingsprosent er inntil 100%, men kan tilpassas etter ønske.
Avdeling 3 er lokalisert i tredje etasje ved Vanylven Helse-og omsorgssenter på Fiskå. Som sto ferdig i 2014 og framstår som nytt og funksjonelt.
Vanylven har rekrutteringstillegg for sjukepleiarar med 30 000,- pr år i 100% stilling. Vi har også avtale om nedbetaling av studielån med 15% pr. år inntil 28 000,- dersom du bur eller flyttar til kommunen. Nattevaktstillegg på kr 3.000,- pr år. Tillegg for å gå "bonushelg" på kr 220,- pr time.
Vanylven har også overnattingstilbod i komprimert turnus til ein rimeleg penge, døgnpris; ein hundrelapp.
Høyrest dette spennande ut? Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar for meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Ivareta det sjukepleiefaglege arbeidet
- Sjukepleiefaglege prosedyrer, vi nyttar VAR
- Sørge for god dokumentasjon og utarbeiding av tiltaksplaner i EPJ, vi nyttar Gerica som journalsystem
- Vurdere og kartlegge behov hos bebuarane
- Medikamenthandtering
- Sørje for god samhandling og tverrfagleg samarbeid
- Samarbeid med tilsynslege ved legevisitt
- Sikre gode pasientforløp til bebuarane
- Ta i bruk velferdsteknologiske løysingar
Kvalifikasjonar
- Norsk godkjenning som sjukepleiar
- Godkjent politiattest
- God kunnskap om dokumentasjon og bruk av IKT verktøy
- Kommunisere godt skriftleg og muntleg
- Effektiv, fleksibel og løysingsorientert
- Engasjert og ynskjer å bidra til å utvikle avdelinga
- Positiv bidragsytar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar
- Effektiv
- Løysingsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og serviceinnstilt
- Kunne jobbe under press i eit hektisk miljø
- Ansvarsbevisst
- Kunne jobbe sjølvstendig og i team
- Tilpassningsdyktig
- Personleg egnaheit blir vektlagt
Vi tilbyr
- Faglege utfordringar
- Spenande og variable kvardagar
- Moglegheit for eigenutvikling
- Positivt og godt etablert arbeidsmiljømed dyktige kollegaer
- Godt samarbeid både internt i avdelinga både internt
- Moglegheit for tilrettelagt turnus
- Rekrutteringstillegg og gode pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Karen Birte Bjørlykke, Sjukepleiar/tillitsvalgt, 91865372Rose-Mari Thunem Nygård, avdelingsleiar avd. 3, 70030231
Arbeidsstad
Rådhusvegen 206143 Fiskåbygd
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4634895580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 17.06.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 150 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!