Kombistilling KK Førde/God Start Eid
KK NSH God Start, Helse Førde
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Kombistilling KK Førde/God Start Eid
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 29. november
Kombinert stilling som Jordmor KK Førde/ God Start Eid.
God Start Eid og KK Førde ønskjer å tilby ei 100% fast kombistilling som jordmor: 50% knytt til God Start Eid, 50% knytt til KK Førde.
God Start Eid kan tilby komprimert vaktordning som tilsvarer 4-8 vakter i mnd ved ei 50% stilling. Vaktordning på God Start Eid har aktiv vakt frå kl. 08.00 - 20.00, og passiv vakt på vaktrom kl. 20.00 - 08.00. I vekene er det også dag- og seinvakter på God Start Eid
Med ei kombistilling legg ein til rette for god utveksling av fag og erfaring på tvers av avdelingane.
God Start Eid har eit jordmorsenter, ein barseleining og følgeteneste. Jordmorsenteret tilbyr jordmødre svangeskapskontrollar, ammekurs og fødselsforebuande kurs.
God Start har poliklinikkar som ultralydpoliklinikk, ammepoliklinikk, barselpoliklinikk og svangerskapspoliklinikk.
Barseleininga har fire familierom.
Følgetenesta dekker Nordfjorddistrikta - Stadt, Måløy, Selje, Stryn og Gloppen.
Arbeidsoppgåver
- Jordmoroppgåver KK Førde
- Jordmoroppgåver God Start Eid
- Følgeteneste God Start Eid
- Allsidig og brei oppfølging av gravide/fødande/barsel
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som jordmor.
- Må beherske norsk godt, både skriftleg og munnleg
- Gode IKT-kunnskapar.
- Klinisk erfaring frå fødsels- og barselomsorg
- Erfaring innanfor gynekologi er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Godt humør og positiv innstilling
- Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
- Fagleg engasjert og interessert
- Initiativrik og handlekraftig
- God pasienthandsaming
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø.
- Arbeider godt i team
- Pendling må vere greit
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjon-og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø og tett samarbeid mellom legar, jordmødre og andre faggrupper
- Høgt fagleg nivå.
- Ein spennande og utfordrande jobb, med moglegheit for utvikling.
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Silje Fraas Øren, Kst. seksjonsleiar, 959 67 753Arbeidsstad
Sjukehusvegen 146770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4883614695
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Silje Fraas Øren
Kst. seksjonsleiar
959 67 753
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2792685
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d37bdf1fca7f4f368393b0bf723f0785