Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innanfor ernæring, infusjons- og dialysebehandling
Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM), Medisinsk-teknisk avdeling, Drift/teknisk divisjon, Helse Bergen
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Spesialsjukepleiar med relevant erfaring innanfor ernæring, infusjons- og dialysebehandling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi søker etter en spesialsjukepleiar til 100% fast stilling ved Eining for behandlingshjelpemiddel (BHM).
BHM har ansvar for utlån og forvaltning av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling.
Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Arbeidsoppgåvene knytt til stillinga vil i hovudsak vere retta mot pasientar med ernæringutfordringar, samt pasientar med behov for infusjonsbehandling ved diverse tilstandar og heimedialyse. Vi treng deg som har kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde. Du vil arbeide med oppfølging av vår bandasjistverksemd, som gir oss høve til å tilby ei heilskapleg teneste ved utlevering av medisinsk forbruksmateriell til pasientane våre. Du må vere fagleg sterk og evne å holdast kunnskapen din oppdatert, i tråd med utviklinga av vår teneste.
Seksjonen betener i tillegg pasientar innanfor fagområda respirasjon og diabetes og dei tilsette må kunne arbeide på tvers av fagområda ved behov. Vi har fortløpande samarbeid med aktuelle kliniske avdelingar i sjukehuset. Fokus på heimebehandling er aukande og vår teneste mot heimebuande pasientar utviklar seg raskt, så dette eit høve til å arbeide innanfor eit spennande satningsområde!
Arbeidsoppgåver:
- handtere pasientførespurnader via telefon og Helse Noreg
- behandle tilvisingar og sette i verk tiltak
- gjennomføre poliklinisk opplæring/undervisning i ulike behandlingshjelpemiddel
- ivareta datasystema våre knytta til utlevering av utstyr og forbruksmateriell
- Ivareta tett dialog med avdelingar/klinikkar i sjukehuset og i førstelinjetenesta
- kvalitetssikre ein heilskapleg teneste frå oss
- arbeide i tråd med gjeldande nasjonale avtalar, forskrift om medisinsk utstyr og anna relevant lovverk
Du må:
- ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- ha vidareutdanning innanfor angitt fagområde
- ha kunnskap om og erfaring med ulikt medisinsk-teknisk utstyr som blir nytta i heimebehandling innanfor angitte fagområde
- ha gode datakunnskapar og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
- meistre norsk, både skriftleg og munnleg
- ha god kommunikasjonsevne, både skriftleg og munnleg
- ha erfaring med arbeid i DIPS
- ha førarkort kl B
Vi trenger deg som:
- har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
- evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- er målretta, konkret og strukturert i arbeidet ditt
- kan arbeide sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- er positiv, har godt humør og medverkar til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
- lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- fleksitid med kjernetid
- dagarbeid med fri i helgar
- godt arbeidsmiljø med dyktige kollegaer
- snarleg tiltreding
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Camilla Flindt, Seksjonsleiar, 91700502, camilla.flindt@helse-bergen.noArbeidsstad
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4873677925
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2770998
- Hentet fra
talentech
- Referanse
035defaf6eb9460e8feb53ce46e22387