Einingsleiar/ rektor 100 % fast stilling
Org. nr: - Stillingsident: 4194456537 Presentasjon av stillingen:
Det er ledig 100 % fast stilling som rektor ved Aure skule frå 01.08.20.
Arbeidsstad
Den samla <> består av fem kommunale og to private skular med til saman ca. 960 elevar. Om lag 300 elevar går i ungdomsskulen, ca. 100 elevar på dei private skulane og resten er fordelt på fire kommunale barneskular. Sykkylvsskulen er i stadig utvikling og det er eit nært samarbeid mellom skulane. Det er faste rektormøte mellom dei kommunale skulane, og også i rektornettverk der dei private skulane deltek. På desse møta legg vi grunnlaget for vidare samhandling mellom skulene, politisk oppfølging og skuleutvikling. Kompetanseutvikling og rekruttering er viktige satsingsområde for Sykkylvsskulen og vi prøver å legge til rette for at alle skulene våre skal ha tilsette med god kompetanse. Vi prioriterer deltaking i utviklingsarbeid, lærande nettverk og vidareutdanning.
Aure skule har ca. 150 elevar på 1.-7. trinn. Skulen har for tida om lag 30 tilsette.
Administrative ressursar er fordelt på 100 % rektor, ca. 40 % undervisningsinspektør og ein SFO-leiar med ansvar for ca. 30 barn på SFO.
Aure skule er ein av tre sentrumsskular i Sykkylven som er planlagt slått saman til ein ny større barneskule i Bakkøyane med oppstart hausten 2023.
Spesielle krav til stillinga
Tenestespråket i Sykkylven kommune er nynorsk.
Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9.
Søknad
Sykkylven kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling og vi ber derfor om at du nyttar elektronisk søknad.
Har du behov for hjelp til utfylling av søknaden, så ta kontakt med Servicetorget, tlf. 70 24 66 66
Alle som søkjer stilling skal sende vitnemål og attestar til Sykkylven kommune, Kyrkjevegen 62, 6230 Sykkylven eller laste det opp som vedlegg til søknaden.
Aktuelle søkjarar må rekne med å bli innkalla til intervju.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer ein leiar som:
- inspirerer og motiverer dei tilsette til kvalitativt godt fagleg og pedagogisk arbeid og utviklingsarbeid
- er opptatt av relasjonar og samarbeid mellom tilsette, elevar og føresette
- er kvalitetsorientert og opptatt av effektiv ressursbruk og gode resultat
- har fokus på involvering, tydeleg kommunikasjon og god gjennomføringsevne
- utøver god personal - og økonomileiing
- sørgjer for at skulen blir driven i samsvar med både lokale og sentrale politiske føringar
- samarbeider med andre rektorar om planlegging og kulturbygging for ny sentrumsskule
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person som:
- har pedagogisk utdanning og erfaring, utdanning i skuleleiing vil bli vektlagt
- har leiarerfaring, samt erfaring frå administrativt arbeid,
- har god erfaring med kvalitetsutvikling og pedagogisk utviklingsarbeid
- kan vise til resultat i høve til leiing og endringsarbeid
Personlege eigenskapar
Vi ser etter ein rektor med stort engasjement og arbeidskapasitet.
Som rektor må du kunne:
- sette elevane si læring og læringsresultat i sentrum for skulen sitt arbeid
- vise at mestringsorientert leiing kan skape eit utviklande pedagogisk fellesskap
- tydeleggjere visjonar for skulen sitt utviklingsarbeid
- motivere tilsette og elevar til å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- ta initiativ til pedagogisk og administrativ nytenking, og til å gjennomføre nødvendige endringar
- vise nødvendig personleg kompetanse og "eignaheit" til stillinga
Vi tilbyr
Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk:
- løn etter avtale/tariff
- obligatorisk tenestepensjonsordning med gunstige lånevilkår
- gode forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Bjørnar Midtbust, Kommunalsjef, 91188686, bjornar.midtbust@sykkylven.kommune.no
Arbeidsstad
Aure skule
6230 Sykkylven
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Sykkylven kommune
Referansenr.:4194456537
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2020
Søknadsfrist: 01.03.2020
Om bedriften
Sykkylven ligg sentralt i hjartet av Sunnmørsalpane og har ca. 7 800 innbyggjarar. Sykkylven har eit godt utbygd barnehage- og utdanningstilbod med vidaregåande skule, eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv og eit framgangsrikt næringsliv. Bygda og kommuneorganisasjonen set fokus på å vere opne, innovative og venlege i all framferd og planlegging, med ei solid forankring i bygda si rike historie og gode tradisjonar. Skaparglede er bygda sin visjon.