Fysioterapeut/spesialfysioterapeut
Ortopedisk klinikk/ Fysioterapiavdelinga, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut/ spesialfysioterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
1
Ved Fysioterapiavdelinga er det frå 01.01.25 ledig fast stilling for fysioterapeut/spesialfysioterapeut med primær arbeidsstad ved Nasjonalt brannskadesenter/Brannskadeavsnittet (BSA).
Avsnittet har 8 senger, 4 av desse er intensivsenger. Ved BSA er det livslang oppfølging av pasientar i alle aldersgruppper. Nasjonalt brannskadesenter er del av Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi. Fysioterapeutane som arbeider her er organisert saman med fysioterapeutane ved Ortopedisk avdeling. Ved Avdeling for plastikk-, hand- og rekonstruktiv kirurgi er det ca. 4,5 stillingar og ved heile seksjonen er det ca. 14,5 stillingar. Pr i dag vil stillinga vere delt mellom 60% ved Brannskadeavsnittet og 40% på seksjonen for øvrig.
Arbeidsoppgåver
- Undersøke og behandle inneliggande pasientar
- Undersøke og behandle pasientar i eigen eller tverrfagleg poliklinikk
- Tilpasse og søke om kompresjonsplagg og ortosar
- Inngå i eit tett tverrfagleg samarbeid
- Opplæring og rettleiing av pårørande
- Samhandle med aktuelle samarbeidspartnarar i heile landet
- Undervise og rettleie fagpersonell internt og eksternt
- Ta del i utviklings- og prosjektarbeid
- Bidra aktivt i nordiske og europeiske faglege nettverk
- Inngå i gjeldande vaktordning ved Fysioterapiavdelinga
Kvalifikasjonar
- Vi søker ein medarbeidar med erfaring frå, og interesse for, behandling av brannskadepasientar
- Den vi tilset bør ha erfaring frå arbeid med akutt og langvarig oppfølging av intensivpasientar
- Den vi tilset bør ha erfaring frå arbeid med barn
- Erfaring med ortopedi er ein fordel
- Søkar må ha erfaring med å arbeida i tverrfagleg team
- Relevant etter- og/eller vidareutdanning
- Den vi tilset må meistre godt norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskjer å vidareutvikla kompetansen din
- Du kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tilpassar deg lett og er løysingsorientert og fleksibel
- Du må kunne arbeide både sjølvstendig og i team
- Du må meistre eit høgt arbeidstempo
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
Vi tilbyr
- Ein spennande og utfordrande jobb i eiit tett tverrfagleg fagmiljø på BSA, samt i eit stort fagmiljø på Fysioterapiavdelinga
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Løn og stillingstittel i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Else Sterndorff, Avdelingssjef, 55972863Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4871198521
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2766102
- Hentet fra
talentech
- Referanse
11593d7878a74d9bacfbd0fb47e531f2