Vernepleiar/miljøterapeut
Eining Habilitering, Sveio kommune
5559 Sveio
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar/miljøterapeut
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein engasjert og fleksibel person som ser moglegheiter der andre ser begrensingar? Er du mestringsorientert og opptatt av å bygge gode relasjonar med brukarar?
Då kan det være nettopp deg me leitar etter! Me søkjar no etter ein ny miljøterapeut som med sitt opne sinn ynskjer å arbeide med å få til positive endringar hjå våre bebuarar. Me ser etter deg som har ein positiv innstilling til vanskelige utfordingar og som likar å jobbe systematisk for å oppnå dine mål.
Stemhaugen bueining er eit butiltak i eining Habilitering, som ligg i Sveio sentrum. Våre bebuarar har ein psykisk utviklingshemming, men nokon har også fleire og samansette utfordringar. Me har fokus på kontinuitet og forutsigbarheit for brukarane og har for tida turnus med arbeid kvar 4. helg og vaktar inntil 14 timars varigheit. Det det er lagt opp til mest mogleg samanhengande arbeidsperiodar og dermed lengre arbeidsfrie periodar. Dette er ei ordning som me inngår tariffavtale med fagrøyrsla om og gjeld for eitt år av gangen.
Evy Vihovde Kjellevold, Einingsleiar Habilitering, 97530041, evy.kjellevold@sveio.kommune.no
Referansenr.: 4841643132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2024
Då kan det være nettopp deg me leitar etter! Me søkjar no etter ein ny miljøterapeut som med sitt opne sinn ynskjer å arbeide med å få til positive endringar hjå våre bebuarar. Me ser etter deg som har ein positiv innstilling til vanskelige utfordingar og som likar å jobbe systematisk for å oppnå dine mål.
Stemhaugen bueining er eit butiltak i eining Habilitering, som ligg i Sveio sentrum. Våre bebuarar har ein psykisk utviklingshemming, men nokon har også fleire og samansette utfordringar. Me har fokus på kontinuitet og forutsigbarheit for brukarane og har for tida turnus med arbeid kvar 4. helg og vaktar inntil 14 timars varigheit. Det det er lagt opp til mest mogleg samanhengande arbeidsperiodar og dermed lengre arbeidsfrie periodar. Dette er ei ordning som me inngår tariffavtale med fagrøyrsla om og gjeld for eitt år av gangen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene i stor grad retta mot mulihandikappa voksne personar
- Bruk og handtering av hjelpemidlar som er tilrettelagt for brukar
- Evaluering og utarbeiding av planar og prosedyrar
- Fylgje brukar til dagaktivitet og fritidsaktivitet
- Samarbeid med pårørande, verge, lege og spesialisthelsetenesta
- Fagleg samarbeid med kollegaer i det daglege og i ulike fagmøtar
- Medansvar for avdelingas medikamenthandtering
- Me er ein dynamisk tenesteytar i kontinuerleg endring og arbeidsoppgåvene vil kunne veriere, etter som me stadig ser nye og betre løysingar på avdelinga.
Kvalifikasjonar
- Autorisert vernepleiar
- Andre med 3-årig helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning kan og verta vurdert
- Personleg eignaheit vil bli høgt vektlagt
- Førarkort kl. B mauell gir
- Tilsetting i stillinga krev tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
Personlege eigenskapar
- Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver. Lærer av det som er prøvd og søkjer nye og betre løysingar i samhandling med dine kollegaer
- Du evnar å stå i tøffe situasjonar og har laga deg gode metodar for å gje slipp på stresset etter vanskelege hendingar
- Du er ein person som er fagleg engasjert og held deg oppdatert på nye metodar
- Du må kunna jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og konstruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande
Vi tilbyr
- Ein lærande og fleksibel arbeidsplass med fokus på forbetringsarbeid
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø, men mange kjekke og dyktige kollegar som stillar opp for og støttar kvarandre på dei utfordrande dagane
- Interessante faglege utfordringar og høve for fagleg og personleg utvikling
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande regelverk
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Camilla Vallestad, 94814106, camilla.vallestad@sveio.kommune.noEvy Vihovde Kjellevold, Einingsleiar Habilitering, 97530041, evy.kjellevold@sveio.kommune.no
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4841643132
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.08.2024
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2708916
- Sist endret
27. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d09adf5147654258923d34bb0e9a68d5