Tilkallingsvikar
Time bibliotek tilbyr eit breitt program beståande av foredrag, konsertar, debattar, barnearrangement, lesestunder og mykje meir. Og sjølvsagt utlån av bøker som er kjerneverksemda i biblioteket. Med alt dette ønsker me å vera ein møteplass, og ein oase for kunnskap og oppleving.
Me har behov for ein ekstra person med på laget, og søker no etter ein ny ringevikar, som gjerne óg kan ta ekstra vaktar i feriesesong, kveldar eller laurdagar etter behov. Du er ein kundevenleg og ansvarleg person som er glad i litteratur, er fleksibel og kan td. kome på jobb på kort varsel.
Arbeidsoppgåver
Som tilkallingsvikar hos oss, vil dine viktigaste arbeidsoppgåver vera betening og rådgjeving av lånarar og andre besøkande i skranka og resten av biblioteksrommet. Meir spesifikt:
- Utlån og innlevering av materiale, og assistere lånarar med den sjølvbetente løysinga etter behov.
- Søking i biblioteksystem, og finne fram til materialet i biblioteksamlinga. I arbeidet nytter me biblioteksystemet Bibliofil.
- Kopiering, skanning og assistera publikum med utskrift frå pc.
- Ta i mot telefonsamtalar, og besvara e-post.
- Setja på plass materiale og rydde i biblioteksamlinga.
- Halda orden i bibliotekslokalet.
Det kan óg verta aktuelt å delta i planlegging og gjennomføring av arrangement på biblioteket.
Kvalifikasjonar
- Minimum utdanning: vidaregåande skule.
- Grunnleggande ferdigheit med IKT og digitalt utstyr.
- Interesse for litteratur og kultur.
- Erfaring frå folkebibliotek er ein fordel.
- Erfaring frå servicearbeid er ein fordel.
- Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen.
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
- Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomføras
- Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap.
- Du er nøyaktig og systematisk i arbeidet.
- Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg.
Vi tilbyr
- Ein av dei beste pensjonsordningar i landet!
- Lønn etter tariff/avtale
- Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Anne Tjørhom Frick, Bibliotekssjef, +47 91845733Arbeidsstad
Hetlandsgata 114344 Bryne
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Time kommuneReferansenr.: 4776518781
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Startdato: 03.06.2024
Søknadsfrist: 31.03.2024
Om bedriften
"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 19 500 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er rundt 1 500 personar som har Time kommune som sin arbeidsgjevar
Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.