Sjukepleiar
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ledige vikariat og faste stillingar for sjukepleiar. Stillingsprosent etter nærare avtale med seksjonsleiar. Det kan verte andre ledige stillingar og vikariat ved interne omrokkeringar.
Avdelinga har 30 budsjetterte senger med eit relativt høgt aktivitetsnivå. Vi har høg fagleg kompetanse, og eit trygt og erfarent arbeidsmiljø. Dei medisinske fagfelta er fordelt på følgjande seksjonar:
- Hjerte og lunge
- Gastrologi og endokrinologi
- slag, geriatri og nyresjukdommer
- Kreft, blodsjukdommer og palliasjon
Visste du dette om Kristiansund?
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleieadministrative/- koordinerande oppgåver
- Legemiddelhandtering
- Stell og pleie
- Sjukepleieprosedyrar
- Arbeid med kvalitet- og pasientsikkerheit
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Kontinuerleg forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg
- Erfaring frå medisinske fagområder vert vektlagt
- Gode IT-kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du må vere ein god teamarbeider, men samstundes kunne arbeide sjølvstendig og vere løysingsorientert
- Du er ansvarsbevisst og strukturert
- Du har god arbeidskapasitet og trivast i ein variert arbeidskvardag med tidvis høgt arbeidstempo
- Du har ei positiv haldning og er opptatt av å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Du er stødig og nærverande
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV. Tilsetting kan skje fortløpande.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Jonassen, Seksjonsleiar, 71 12 22 86, elisabeth.jonassen@helse-mr.noArbeidssted
Herman Døhlens vei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4518884697
Stillingsprosent: 80, 75%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 30.09.2022
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal