Prosjektarbeider "Opne møteplassar for ungdom"
Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd
Øyro 49, 5200 Os
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektarbeider "Opne møteplasser for ungdom"
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
Os kyrkjelyd har ledig ein spennande prosjektstilling som skal jobbe med nettopp dette!
Stillinga er 40% og varar i tre år, med oppstart 01.10.24. eller så snart som mogleg.
Gjennom Bufdir sin ordning «inkludering av barn og unge» har soknet fått støtte til å styrke fagkompetansen på relasjonsbyggande arbeid med ungdommar. Vi ynskjer å bygge gode sosiale arenaer som alle unge i Os kjenner seg velkomen til, uavhengig av bakgrunn. Stikkord som regelmessigheit, valfridom, tryggleik og tillit er viktig for oss. Vi ynskjer å gje denne stillinga ei rolle i miljøskapande aktivitet, i tillegg til å ha tid til samtale og oppfølging av den enkelte der det er naudsynt og naturleg.
Os ligg i Bjørnafjorden kommune, om lag 30 km sør for Bergen. Bergen sentrum er om lag 25 minutter unna med bil. Os er eit lokalsamfunn i vekst og kyrkjelyden i Os har fleire godt besøkte tilbod for tweens og ungdom, gjerne i kyrkjelydshuset Tunet kyrkje- og kultursenter. Ungdomsarbeidet har sin eigen gruppering kalt «Ungdomstunet» og er mellom anna involvert i Tensing-kor, KRIK-tilbod, leirar og leiartrening. Det er årleg mellom 140 og 170 konfirmantar i soknet.
Os sokn sin visjon er «Nær Kristus, nær kvarandre, nær kvardagen».
Dette prosjektet har ein diakonal dimensjon, men ein treng ikkje nødvendigvis diakoni-utdanning. Vi ser etter deg som lett snakker med ungdom og arbeider godt i team med både kolleger, foreldre og frivillige. Du er kanskje utdanna innan diakoni, sosialfag, helse eller pedagogikk. Fyrst og fremst har du engasjement for og erfaring med ungdom, og identifiserer deg med Den norske kyrkja sitt trus- og verdigrunnlag.
Mykje av våre aktivitetar for ungdom foregår onsdagskveldar etter skuleruta. Prosjektstillinga vil vere med i teamet som setter desse kveldane saman. Det må òg påreknast arbeid med sosiale møteplassar om lag ein helg i månaden. Tilbodet til ungdom er noko vi stadig jobber med å utvikle og forbetre, så her vi du òg kunne vere med å utforme og vidareutvikle kva og når vi inviterer til fellesskap. Og du er ikkje åleine! Både kolleger og engasjerte frivillige bidreg til eit stort og mangfaldig arbeid som du blir ein viktig del av.
Os sokn har frå før 11 tilsette i fellesrådslinja med dagleg leiar, to konsulentar, frivilligkoordinator/konsulent, diakon, kateket, barne- og familiearbeidar, kyrkjelydspedagog, ungdomsleiar og to kantorar. Det er tre prestestillingar: sokneprest, kapellan og prostiprest. I tillegg kjem driftsavdelinga. Alle tilsette har gode kontortilhøve i kontorfløya i Tunet.
Den som vert tilsett, må kunne leggje fram politiattest (barneomsorgsattest).
Nøtteliten barnehage på Søfteland har i sine vedtekter at tilsette i Os sokn har fortrinn til plass på lik line som barnehagen sine eigne tilsette. Barnehagen har 5 avdelingar og er einaste barnehage i Os med utvida kristen målsetting.
For meir informasjon om Os sokn, sjå https://kyrkja.no/os-vestland
Arbeidsoppgåver
- Onsdagar: Delta på ungdomstilbod ettermiddag/kveldstid (Tensing, konfirmant-aktivitet, sosial møteplass) med særleg ansvar for samtale og oppfølging
- Fasilitere opne møteplassar knytt til sosiale arrangement om lag ein helg i månaden
- Dialog med andre aktørar for ungdom i Os, mellom anna Ung Arena, ungdomskonsulentar, helsestasjon m.m.
- Kommunikasjonsarbeid for å nå ut til ungdom i lokalsamfunnet, m.a. på sosiale medier
- Vere med å utvikle opne møteplassar og inkluderande tilbod for ungdom med øvrig team kring ungdom i kyrkjelyden gjennom prosjektperioden
Kvalifikasjonar
- Kompetanse og erfaring med diakoni, kyrkjeleg ungdomsarbeid eller annan relevant fagutdanning vil vere relevant
- Sosialfagleg, helsefagleg eller pedagogisk utdanning vil vere relevant
- Du er medlem av Den norske kyrkja
- Vi er meir oppteken av kven du er enn kva du har studert, og personleg eignaheit vil tilleggast stor vekt
Personlige egenskaper
- Du er god til å bygge relasjonar, særleg med unge menneske
- Du er fleksibel og målretta
- Du evner både å arbeide sjølvstendig og samarbeide godt i lag med andre
- Du trivst i folkekyrkja og kan identifisere deg med kyrkja sitt trusgrunnlag
Vi tilbyr
- Løn etter kvalifikasjonar og nærare avtale
- Telefonavtale
- Tilbod om vegleiing
- God oppfølging undervegs i prosjektet
Nærare opplysningar hjå fungerande kyrkjeverje i Bjørnafjorden kyrkjelege fellesråd Sigurd Rotvik Tunestveit, st575@kyrkja.no
Kontaktinformasjon
Sigurd Rotvik Tunestveit, Dagleg leiar/fung. kyrkjeverje, 938 69 109, st575@kyrkja.noArbeidssted
Øyro 495200 Os
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Bjørnafjorden kyrkjelege fellesrådReferansenr.: 4835608069
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 01.09.2024
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2695129
- Hentet fra
talentech
- Referanse
855454f78797498fad400068a33d1854