Tilkallingvikar skule
Luster kommune Oppvekst
Rådhusvegen 1, 6868 Gaupne
Om jobben
Type ansettelse
Annet, deltid 50%
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. september
Ved fleire av skulane våre og på SFO er det jamleg behov for vikarar, både enkeltdagar og over tid.
Dette gjeld både lærarar, fagarbeidarar og assistentar.
Me oppmodar studentar og andre som har lyst og moglegheit til å søkja her på denne opne søknaden eller kontakta eininga direkte.
Skriv gjerne i søknadsteksten kor mykje/kor ofte du ser føre deg å arbeide, og kva aldersgruppe du ynskjer å arbeide med.
Me kan tilby:
- Utfordrande og interessante arbeidsoppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Erfarne og dyktige kollegaer som vil gje deg god opplæring
- Løns- og arbeidsvilkår iflg. gjeldande lov, forskrift og tariffavtalar
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
Andre opplysningar:
- Tilsette må levere politiattest
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Kontaktinformasjon:
- Hafslo barne- og ungdomsskule: Hilde Holte Selland: hilde.holte.selland@luster.kommune.no, 57 68 58 22 / 911 78 041
- Gaupne skule: Linda Øvregard Røhme: linda.ovregard.rohme@luster.kommune.no, 57 68 57 42 / 402 28 586
- Luster ungdomsskule: Knut Hauge: knut.hauge@luster.kommune.no, 57 68 57 60 / 906 97 026
- Luster oppvekstsenter: Eli Merete Hansen Moen: eli.merete.hansen.moen@luster.kommune.no, 57 68 59 20 / 959 93 505
- Solvorn oppvekstsenter: Grete Marie Skårhaug Solvi: grete.marie.skarhaug.solvi@luster.kommune.no, 57 68 58 40 / 900 37 684
- Indre Hafslo oppvekstsenter: Elling Bjarneson Venjum: elling.bjarneson.venjum@luster.kommune.no, 57 68 59 70 / 452 73 972
- Jostedal oppvekstsenter: Mette F. Reinertsen: mette.frydenberg.reinertsen@luster.kommune.no, 57 68 59 90 / 917 15 162
- Skjolden oppvekstsenter: Knut Åge Teigen: knut.age.teigen@luster.kommune.no, 951 47 914
- Veitastrond oppvekstsenter: Elisabeth Alme: elisabeth.alme@luster.kommune.no, 993 60 226
- Luster vaksenopplæring: Linda Brunborg: linda.kristin.brunborg@luster.kommune.no, 474 47 113
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Luster kommune ligg inst i Sognefjorden, har omlag 5.300 innbyggjarar og er ein av dei største kommunane i Sør-Noreg. Me har tre nasjonalparkar, verdsarven Urnes stavkyrkje, vakker natur og svært gode vilkår for friluftsliv. Næringslivet er variert - frå tradisjonelt landbruk til moderne industriverksemder og stadig meir varierte servicebedrifter. Luster har godt utbygde desentraliserte tilbod og mange levande bygder. Kommunesenteret Gaupne ligg 25 minutt frå region- og utdanningssenteret Sogndal. Kommunen har gode tenester, styrings- og kvalitetssystem. Meir informasjon finn du på: www.luster.kommune.no
Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/f8915265-a527-4dd3-a2c7-d0ef4f693575
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2670125
- Sist endret
4. juni 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3359555_220853_nn