Marknadskonsulent
MARKNADSKONSULENT
i 100 % eittårig prosjektstilling (med mulegheit for fast stilling)
Stillinga er todelt:
40 % arrangementsansvarleg/aktivitetskoordinator for Sentrumsringen
60 % marknadskonsulent for Bø blad og Sentrumsringen
Arbeidsgjevar er Bø blad og arbeidsstad blir i lokalavisa i Bø sentrum.
Arbeidsoppgåver vil i hovudsak vere knytt til annonsesal, samt planlegging og gjennomføring av små og store arrangement for handelsstanden i Bø sentrum. Personen me søkjer må òg vere fleksibel og kunne ta på seg andre oppgåver viss situasjonen krev det.
Me søkjer deg som:
· har erfaring frå eller utdanning i marknadsarbeid
· har erfaring frå prosjektarbeid
· er ein god seljar
· har evna til å samle ulike aktørar om felles prosjekt
· er kreativ og klarar å <<snu på flisa>> ved å tenkje nytt om tradisjonelt
· kan arbeide sjølvstendig og resultatorientert, men som òg jobbar godt i team
· er effektiv, ryddig og systematisk, og med god evne til å planlegge kort- og langsiktig
· har stor arbeidskapasitet
· kjenner til Office, Photoshop og Illustrator
Me tilbyr eit hektisk, men triveleg arbeidsmiljø i ein spennande og utfordrande arbeidskvardag. Pensjonsordning. Lønn etter avtale.
Søknadsfrist: Innan måndag 24. februar 2020
Søknad med CV og referansar sendast på e-post til hilde@boblad.no
For spørsmål og meir informasjon, kontakt: Dagleg leiar/redaktør Hilde Eika Nesje, tlf 947 89 450 eller e-post: hilde@boblad.no. Sjå elles www.boblad.no
Om bedriften
Bø blad er lokalavis for Midt-Telemark, ein kommune i sterk vekst og utvikling, med rundt 10.500 innbyggjarar. Aktiviteten er stor på dei fleste område, og det er mykje spennande som skjer. Bø blad kjem ut ein gong i veka på papir og kvar dag på nett. Avisa har eit opplag på 2563 (2018).
I samarbeid med Sentrumsringen i Bø opprettar Bø blad ei eittårig prosjektstilling i marknadsavdelinga, med mulegheit for fast stilling etter prosjektperioden. Me søkjer derfor etter ein.